Hopp til innhold

Ny «eksotisk» smuglarmetode avslørt

Ein hittil ukjend metode for sjøsmugling av cannabis er avslørt av Tollvesenet, politiet og Kystvakta. – Dette er ganske eksotisk og avansert smugling, seier tolldirektøren.

Ein hittil ukjend metode for sjøsmugling av cannabis er avslørt av Tollvesenet, politiet og Kystvakta. – Dette er ganske eksotisk og avansert smugling, seier tolldirektøren.

Tolldirektør Bjørn Røse håpar avsløringane til Tollvesenet i samarbeid med politiet og Kystvakta skremmer andre frå å prøva seg på flaskepost-smugling.

Det er seint på kvelden den 20 november 2013. Tollvesenet har hatt eit kriminelt miljø med «ungdom i 20 åra» i kikerten over ein lengre periode. Denne kvelden er fleire frå dette miljøet om bord på Superspeed 2 – Color Line si ferje mellom Hirtshals og Larvik.

Tollvesenet har folk om bord i ferja, og følgjer dei mistenkte med argusauge. Fleire tollbetjentar står parate i landkontrollen i Larvik saman med politi. Det er mistanke om narkotikasmugling.

Kontroll.

Dei mistenkte blir plukka ut og hundane markerer for funn. Etter å ha endevendt bilen er det likevel ingen narkotiske stoff å finna.

Har dei kvitta seg med det under overfarten?

Tre tilfelle på eitt år

Beslag av cannabis i flaske

– Dette er ganske eksotisk, spanande og avansert smugling. seier tolldirektør Bjørn Røse etter beslaga av tre slike annabis-flaskepostar i Vestfold og Aust-Agder.

Foto: Tollvesenet

Først klokka 02 om natta får Tollvesenet og politiet stadfesta mistanken sin. Ein lettbåt blir observert på veg utover. Nokre timar seinare lokaliserer Kystvakta smuglarpartiet i vasskorpa nær Grimstad – ei plastflaske med eit halvt kilo sterk hasjisj.

Cannabis-beslaget i Grimstad er eitt av tre som er gjort i løpet av det siste året etter avsløringar av ein ny smuglarmetode i Noreg:

  1. Mindre parti narkotika i GPS-utstyrte i 1-1,5 liters plastflasker innsurra i teip blir droppa frå hurtiggåande ferjer mellom Noreg og Danmark.
  2. Mottakar hentar flaskene med småbåtar ved hjelp av GPS -peilaren og sel narkotikaen ulovleg i Noreg.

Metoden har aldri blitt oppdaga i Noreg før, etter det Tollvesenet kjenner til.

– Dette er ganske eksotisk, spanande og avansert smugling. Etter det eg veit er dette ukjent modus for smugling her i landet, seier tolldirektør Bjørn Røse til NRK.

– Det er vanskeleg å oppdaga dette. Me observerte at det var noko som gjekk føre seg, blei mistenksame, gjekk det systematisk nærare i saumane og fann ut kva det var. Det var ikkje bra saker, legg Røse til.

– Til skrekk og åtvaring

Audun Rønningen

Kontorsjefen for Tollvesenet i Sandefjord, Audun Rønningen, fryktar at mange flaske-smuglarar slepp unna.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Tolldirektøren poengterer at godt samarbeid mellom Tollvesenet, Kystvakta og politiet gjorde at dei greidde å knekkja GPS-kodane og finna flaskene.

Sakene er no under etterforsking. Minst seks personar er sikta i saka frå Grimstad. Tre andre har vore inne til avhøyr i samband med eit flaskefunn gjort av eit politihelikopter i Vestfold i juni i år. D ei tre skal i nye avhøyr torsdag, opplyser kontorsjefen for Tollvesenet i Sandefjord, Audun Rønningen til NRK.

– Me veit at dropp av narkotika skjer, ikkje berre frå ferjene som går frå Larvik og Sandefjord. Det er grunn til å tru at dette skjer fleire stader, seier Rønningen.

Avsløringane av tre forsøk på flaskesmugling i løpet av eit år gir likevel tolldirektøren håp om å få bukt med det nye eksotiske innslaget blant dei mange smuglarmetodane.

– Eg håpar våre avsløringar skremmer andre frå å prøva seg på denne typen smugling, seier Røse.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger