Hopp til innhold

NTNU om spiontrugsel: Har skjerpa rutinane for tilgang til laboratoria

Prorektor Bjarne Foss ved NTNU er «eintydig positiv» til sikkerheitsrutinane rundt informasjon som kan vere interessant for utanlandske makter i norske bedrifter. Universitetet vart sjølv utsett for datainnbrot i januar.

NTNU Prorektor Bjarne Foss

JOBBAST GODT: Prorektor for forskning Bjarne Foss ved NTNU seier det jobbast godt med sikkerheitsrutinar i norsk næringsliv.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Laurdag vart Harsharn Singh Tathgar pågripen og sikta av PST. Tathgar er mistenkt for å ha lekka informasjon til Russland.

Avdelingsdirektør Frode Skaarnes i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit sa til NRK i går at dei har sett ei auke i talet på bedrifter som tek kontakt for å få råd og rettleiing om førebyggjande sikkerheitsarbeid dei siste åra.

I januar vart to iranske forskarar ved NTNU sikta for medverknad til datainnbrot. Dei vart mistenkte for å ha gjeve informasjon til Iran som kan bidra til produksjon av masseøydeleggingsvåpen.

Dei to forskarane hadde òg invitert fleire gjesteforskarar frå Iran. Desse var ved NTNU i den perioden då datainnbrota fann stad. Forskarane, som hadde arbeidd ved NTNU i om lag 10 år, vart suspenderte. NTNU sa òg at dei ville skjerpe sikkerheitsrutinane sine.

– Har lært av saka

Prorektor for forsking Bjarne Foss ved NTNU peikar på at etterforskinga av saka mot dei iranske forskarane ikkje er avslutta. Han vil difor ikkje gå konkret inn på denne.

– Det eg overordna kan seie er at vi har lært noko av denne saka. Det tek vi med oss inn i arbeidet med informasjonssikkerheit, og det å trygge dei verdiane vi har på NTNU.

Foss peikar på at dei har ei rekkje avanserte laboratorium på NTNU, som representerer store verdiar. Å skjerpe rutinane for tilgang til laboratoria er eit eksempel på det universitetet har gjort.

– Eit anna eksempel som kan vere viktig å trekkje fram er rett og slett at vi har systematisert og forsterka arbeidet med å utvikle ein sikkerheitskultur ved NTNU, legg Foss til.

– Betydeleg auka merksemd

NTNU samarbeider med fleire organisasjonar både i næringslivet og offentleg sektor. Blant desse er DNV GL. Foss seier han har inntrykk av at organisasjonane dei samarbeider med stort sett har arbeidet med sikkerheit på stell. Han vil ikkje gå ut med nokon vidare råd om kva DNV GL bør gjere no.

– Er sikkerheitsrutinane generelt i selskap som arbeider med informasjon som potensielt kan vere interessant for utanlandske makter gode nok?

– Viss du hadde stilt meg det spørsmålet for fem år sidan ville ikkje svaret vore så eintydig positivt som eg vil svare no. Eg har inntrykk av at det er betydeleg auka merksemd om dette, viktigheita av det og viktigheita av å beskytte dei verdiane ein har, slik vi til dømes beskyttar laboratoria våre, seier Foss, og legg til:

– Mitt inntrykk er at det jobbast godt med dette i næringslivet.

– Må ha tillit

Ifølgje Foss er det viktig for NTNU at det som universitet skal vere så opne som mogleg, og så lukka som nødvendig.

– Det betyr at vi i utgangspunktet har ein organisasjon som er relativt open. Vi har òg tydeleg og betydeleg tillit til medarbeidarane våre og dei som studerer hos oss. Vi snakkar då om ei total mengd menneske på 50.000, så det er ein stor og kompleks organisasjon.

– Då er det klart at det å bevisstgjere på denne typen problemstillingar er viktig, og det jobbar vi kontinuerleg med.

Foss seier òg at sikkerheit i stor grad byggjer på tillit.

– Ein må ha tillit til medarbeidarane sine. Dersom ein har utru tenarar kan ein aldri gardere seg 100 prosent, men vi skal ha system som fangar dette opp, seier han.

AKTUELT NÅ