Hopp til innhold

Staten straffar NSB for pendlarkaos

Statseigde NSB må betale tilbake 24 millionar kroner til staten fordi for mange pendlarar ikkje har fått sitteplass.

--

NSB må betale tilbake ekstramidlar etter at dei ikkje har klart å tilfredsstille frustrerte togpendlarar.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

For å skaffe fleire sitteplassar i rushtrafikken betalte staten 56 millionar kroner ekstra til NSB i 2010. Det skulle gi 3800 ekstra sitteplassar kvar dag. Men NSB klarte bare å stille med halvparten.

Samferdselsdepartementet krev no nesten halvparten av ekstrapengane – 24 millionar kroner – tilbake.

– Betalar ikkje for det me ikkje har fått

Lars Erik Bartnes

Lars Erik Bartnes i samferdselsdepartementet meiner det ikkje skal vere ei sovepute å ha staten som eigar.

Foto: Senterpartiet
Åge-Christoffer Lundeby

Åge Christoffer Lundeby i NSB kan ikkje garantere betring til vinteren.

Foto: Bjørn Christian Jacobsen / NRK

– Det er fordi me ikkje har fått det talet på togsete som me har bestilt. Me betalar ikkje for noko me ikkje får, og trekkjer difor tilbake pengane, seier statssekretær i samferdselsdepartementet, Lars Erik Bartnes (Sp).

Pengane var meint å gå til innkjøp av ekstramateriale som skulle skape fleire sitteplassar for pendlarane.

Kunne ikkje NSB heller få brukt desse pengane til å betre tilbodet til neste vinter?

– Nei, det er eg ikkje samd i. Det er viktig for oss å ha ein avtale som stimulerer NSB til å levere. Det skal ikkje vere ei sovepute å ha ein avtale med staten, seier Bartnes.

Neste vinter kan også bli trong

Kommunikasjonsdirektør Åge-Christoffer Lundeby i NSB stadfestar at tilbodet dei gav passasjerane vinteren for to år sidan var alt for dårleg.

– Det var ein ekstrem hard vinter som førte til at me hadde mange togsett som var ute av drift.

Først i mars i 2012 kjem dei nye togsetta som gradvis skal gi fleire sitteplassar til pendlarane. Det kan difor hende at pendlarane må bu seg på enno ein vinter med «sild i tønne»-stemning.

– Me kan nok oppleve ein vinter til med tronge tilhøve for passasjerane våre. Men me gjer alt me kan for at dei toga me har skal vere i produksjon, og ikkje ståande på verkstad, seier Lundeby.

AKTUELT NÅ