Hopp til innhold

NRKs supermåling: Desse profilane slit med å kome seg på tinget

Det er ingen garanti verken å vere statsråd, parti-nestleiar eller gammal partihøvding. Eller rikspolitisk nykomling med utestemme for den del. NRKs supermåling viser at fleire profilar slit med å sikre stortingsplass.

Carl I. Hagen (Frp), Iselin Nybø (V), Sveinung Rotevatn (V), Mímir Kristjánsson (R).

Hardast kan valet gå ut over Venstres rikspolitiske profilar.

Med 2,9 prosent oppslutnad for Venstre er partileiar Guri Melby den einaste av dei sentrale Venstre-politikarane som ser ut til å vere sikra plass på Stortinget.

Lever farleg

Dei andre Venstre-profilane bør kanskje ha liggande eit lite jobbsøk på Finn. For om denne målinga var val ville dette vore situasjonen:

  • Miljøvernminister Sveinung Rotevatn kjem ikkje inn frå Hordaland.
  • Næringsminister Iselin Nybø er langt unna mandat i Rogaland.
  • Tidlegare statsråd Ola Elvestuen blir berre Melbys vararepresentant.

– Målinga viser at fleire parti slåst om andremandatet i Oslo. Det andremandatet skal eg ha, seier Elvestuen til NRK.

Ola Elvestuen, finanspolitisk talsperson Venstre, før budsjettforhandlingene på Stortinget høsten 2020.

MITT: – Det andremandatet i Oslo skal eg ha, seier Ola Elvestuen.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Boe

Kulturminister Abid Raja får plass på Stortinget frå Akershus ifølgje denne målinga, men det er langt frå eit sikkert mandat.

Om Venstre klarer å kome seg over fire prosent på landsplan kan mykje bli endra. Då får partiet utjamningsmandat og blir representert frå fleire fylke, men det er aldri godt å slå fast kva for nokre fylke eit parti då blir representert frå.

Partihøvdingen må kjempe

Carl-Ivar Hagen på Hamar stasjon

COMEBACK? Det ser ikkje slik ut for Frps Carl I. Hagen.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Partileiar i Frp gjennom 28 år, Carl I. Hagen, håpar på comeback på Stortinget, og sikra seg førsteplassen på Opplands liste. Men målinga for Oppland viser at det er langt fram dit. 7,5 prosent er altfor lite til å sikre eitt av dei seks mandata i valdistriktet. Om trenden held fram, er utjamningsmandat Hagens tynne håp.

– Når eg byrjar å snakke om valkampsakene våre, kjem det til å snu, seier Carl Ivar Hagen til NRK.

Ein Frp-profil som derimot klarer å kome seg inn frå ein usikker plass, er mangeårig innvandringspolitisk talsperson Jon Helgheim. Profilen mista plassen på lista etter nominasjonskrangel i Buskerud, men enda opp med andreplassen i Oslo. Sjølv om Oslo Frp har vore i krise, viser supermålinga at partiet får inn to representantar frå hovudstaden.

Slutt for veteranen Andersen?

Karin Andersen på valgvake

NEGLEBITING: Karin Andersen (SV) under valvaka i 2017.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

SVs Karin Andersen har hatt stortingsplass frå Hedmark sidan 1997. Ofte utjamningsmandatet. Heller ikkje denne gongen tyder NRKs måling på at SV tek eitt av dei seks distriktsmandata frå Hedmark. Og slik det ser ut akkurat i denne målinga er det hakket meir sannsynleg at Frp ville teke utjamningsmandatet. I tilfelle er ein 24 år lang stortingskarriere over for Andersen.

Vil sjarmere seg inn

Raudt er inne i ein positiv, nasjonal trend.

Mimir Kristjansson

MÅ JOBBE: Mimir Kristjánsson (R) er ikkje profet i heimfylket enno.

Foto: Berit Roald/Scanpix

Den håpar Mímir Kristjánsson skal bidra til at han får stortingsplass frå Rogaland. Den tidlegare journalisten er kjent som ein ivrig samfunsdebattant med skarpe meiningar, men enn så lenge har ikkje veljarane i Rogaland lete seg overtyde av det.

SV kaprar sistemandatet i oljefylket med meir enn dobbelt så mange stemmer som Raudt.

– Eg trur vi kjem til å kome inn frå Rogaland på grunn av min uimotståelege sjarme og Raudts uforlikneleg gode politikk, kommenterer Kristjánsson på velkjend vis.

Iselin Nybø

STATSRÅD: Men kanskje ikkje stortingsplass.

Endå verre ser det ut for næringsminister Iselin Nybø (V) som også stiller frå Rogaland. Venstre får berre halvparten av Raudts oppslutnad.

– Rogaland er eit borgarleg fylke, så her er det stort potensial for å hente fleire veljarar for Venstre, seier Nybø til NRK.

Mandatfordeling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
H: 47 mandater, endring +2
AP: 44 mandater, endring -5
SP: 33 mandater, endring +14
FRP: 21 mandater, endring -6
SV: 13 mandater, endring +2
R: 3 mandater, endring +2
MDG: 3 mandater, endring +2
KRF: 3 mandater, endring -5
V: 2 mandater, endring -6
Utført av Norstat 7.–20. april11,413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Hard kamp i Oslo-området

Høgres liste i Oslo er kjent for å vere ei av dei der det er trangast om plassen.

Målinga gir Høgre fem represrentantar som sist, men det ligg an til at partiet mistar regjeringsmakta. Då vil statsrådar som Ine Eriksen Søreide og Nikolai Astrup igjen ta plass på Stortinget. Dermed blir det plass til færre av vararepresentantane, slik at ein veteran som Michael Tetzschner på sjetteplass er ute.

Arbeidarpartiets Mani Hussaini var synleg i norsk politikk i fleire år som AUF-leiar.

Mani Hussaini

VARA: Mani Hussaini (Ap) håpar på fast plass.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Han er i dag vararepresentant, men håpar å vinne eitt av heile 19 mandat frå Akershus. Når Ap berre tek berre fire av dei, er ikkje Hussainis femteplass god nok.

– Eg ser på det som ein masjordre, seier Hussaini til NRK.

– Vi må kome oss ut og møte veljarar. Det har ikkje vore så lett under koronakrisa, men vi får tenke annleis og bli meir synleg.

KrF blir krympa

Det ligg an til færre KrF-arar på Stortinget. Ifølgje målinga får partiet inn sine tre statsrådar Kjell Ingolf Ropstad, Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein. Dei tre ligg bra an i dei fylka der KrF fekk direktemandat ved førre val.

Også for KrF er det kampen mot sperregrensa som avgjer. Klarer dei ikkje den, mistar dei til dømes stortingsrepresentant Tore Storehaug som har vore ein viktig mann for partiet i finanskomiteen på Stortinget. For første gong sidan krigen vil KrF heller ikkje vere representert frå Møre og Romsdal.

Statssekretær Ingelin Noresjø (Krf) og utbyggingssjef Kjell Inge Davik i Statens vegvesen åpnet ny E6 på Helgeland med øks torsdag.

STENGD VEG: KrF-nestleiar Ingelin Noresjø er vand med å opne vegar som statssekretær i samferdsledepartementet. Vegen til tinget ser stengd ut.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Partileiinga må også kjempe. KrF-nestleiar Ingelin Noresjø er statssekretær i samferdsledepartementet for Knut Arild Hareide, men er langt unna stortingsplass frå Nordland, eit fylke KrF for så vidt ikkje har tradisjon for å vinne mandat frå.

Nestleiarane ikkje sikra

Å vere i partileiinga er ingen garanti i andre småparti heller.

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes sin stortingsplass er av dei usikre. Han taper i denne målinga mot Senterpartiet i kampen om direktemandat frå Troms. Men Fylkesnes sit på Stortinget på eit utjamningsmandat i dag, og ligg ifølgje Norstat sine utrekningar an til å kunne få det no også.

MDG drøymer om å slå gjennom på nasjonalt plan. Målinga viser at dei er svært nær med 3,9 prosent oppslutnad. Men klarer dei det ikkje, har ikkje nestleiar Arild Hermstad plass frå Hordaland på tinget.

Og forresten...

Nokon håpar kanskje på rikspolitisk comeback for tidlegare fiskeriminister Per Sandberg.

Per Sandberg tørker disken på Grand Bar i Halden.

PÅ JOBB: Ingen stortingsplass i sikte for pub-eigar Per Sandberg.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Frp-statsråden gjekk av etter å ha brote fleire tryggingsrutinar på ein ferietur til Iran. Han har meldt seg ut av Frp og toppar no lista for Liberalistane i Oslo, mens han driv pub i Halden.

For å oppsummere det enkelt: Ikkje sel puben, Per.

AKTUELT NÅ