Hopp til innhold

Siste supermåling før valet: Støres draumeregjering kan ryke – drama ved sperregrensa

NRKs siste måling før valet viser at det går mot regjeringsskifte, men at Jonas Gahr Støres ønskeregjering Ap, Sp og SV mistar fleirtalet. Valkvelden blir ein neglebitar for småpartia. Fire av dei har karra seg over sperregrensa.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg under partilederdebatt hos TV 2.

INNSPURT: Jonas Gahr Støre ligg an til å innta regjeringskontora, men trepartiregjeringa han ønskar seg, har ikkje fleirtal.

Foto: Javad Parsa / NTB

Norstat har spurt over 11.500 veljarar i alle valdistrikt dei siste 10 dagane.

Borgarleg side tek innpå dei raudgrøne samanlikna med NRKs førre supermåling i august. Frp passerer Senterpartiet med eit hårstrå og er tredje største parti igjen. Men det er likevel ikkje nok for høgresida.

Meningsmåling september 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.9% (endring: 0.0
SV: 8.9% (endring: +2.0
AP: 24.7% (endring: -0.8
SP: 11.9% (endring: -4.3
MDG: 4.9% (endring: +0.6
KRF: 4.2% (endring: +1.1
V: 4.9% (endring: +1.6
H: 20.4% (endring: -0.7
FRP: 12.0% (endring: +1.1
Andre partier: 3.1%
Utført av Norstat 31. august.–8. september11,556 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Partia på Erna Solbergs side av politikken går fram med til saman 3,1 prosentpoeng.

Likevel ville dette vore fasit dersom målinga var valresultatet:

  • Det ville blitt regjeringsskifte med solid margin. Partia som vil ha skifte får 100 mandat på Stortinget. Dei som støttar Erna Solberg får 69.
  • Både R, MDG, V og KrF kjem over 4 % og får stortingsgrupper av ei viss betydning.
  • Jonas Gahr Støres ønskeregjering av Ap, Sp og SV får 84 representantar, ein unna fleirtal på Stortinget. I august hadde dei 91.

– Vi håpar fortsatt å hanke inn litt fleire veljarar, seier statsminister Erna Solberg på turné i Trondheim.

Mandatfordeling september 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 47 mandater, endring -2
H: 34 mandater, endring -11
SP: 23 mandater, endring +4
FRP: 21 mandater, endring -6
SV: 14 mandater, endring +3
R: 8 mandater, endring +7
MDG: 8 mandater, endring +7
V: 8 mandater, endring 0
KRF: 6 mandater, endring -2
Utført av Norstat 31. august.–8. september11,556 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Oljekjærleik og klimakamp

På høgresida taper statsministerens parti nokre desimalar som ikkje er større enn feilmarginen. Mens både Frp, Venstre og KrF har statistisk sikker framgang den siste månaden. Tendensen i NRKs supermåling stadfestar andre målingar som viser at Frp er i godt slag.

– No kjem det fleire målingar som går i rett retning, og vi vart nest største parti i skulevalet. Det er kjempegledeleg, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NRK.

Sylvi Listhaug, partileiar i Framstegspartiet

VALKAMPVINNAR: Sylvi Listhaug har teke Frp opp på den politiske sigerspallen igjen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det handlar om framtida til oljenæringa, Norges pengemaskin nr 1, er Listhaugs analyse.

– Vi skal utvikle, ikkje avvikle den, seier ho og trur at Frp har passert Sp i kampen om å vere Noregs tredje største parti fordi folk er blitt redde for at Sp-leiar Vedum skal gje radikale parti på venstresida makt.

Men også Venstre, som har heilt andre standpunkt enn Frp i debatten om olje og klima, er inne i ein positiv trend. 4,9 % er nok til å få inn åtte stortingsrepresentantar.

– Dette er ei skikkeleg god måling for Venstre! smiler Venstre-leiar Guri Melby etter ein framgang på 1,6 prosentpoeng.

– Eit kraftig hopp. Eg tek det som ei stadfesting på at vårt fokus på klima, miljø, rusreform og nye arbeidsplassar er noko folk er opptekne av.

Avgjerande fireprosentkamp

Venstre og dei andre småpartias fireprosentkamp blir viktig valkvelden. Men truleg ikkje på den måten at den kan berge Erna Solbergs statsministerkarriere.

Førsteamanuensis Jørgen Bølstad ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo.

IKKJE NOK: Den borgarleg spurten er neppe nok, meiner Jørgen Bølstad.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Småpartia på høgresida, KrF og Venstre, har fått ein god innspurt. Det er fortsatt lite sannsynleg at dei borgarlege klarer å vinne makta, men dette er uansett ei viktig brikke som må falle på plass om Solberg skal ha sjanse til å klare det, seier Jørgen Bølstad, førsteamanuensis på institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Han seier høgresida sitt problem er at Frp og Høgre til saman står om lag på staden kvil. Difor blir det neppe regjering frå høgresida uansett om KrF klarer sperregrensa på fire prosent.

– KrF lever farlegast av dei fire små også i denne målinga, seier Bølstad.

– Dette står om nokre få røyster, seier KrF-nestleiar Olaug Bollestad på valkampturné i heimfylket Rogaland.

Ho veit at 4,2 er eit usikkert tal. Alt over sperregrensa på 4,0 gir såkalla utjamningsmandat som betyr fleire representantar.

Kampen om sperregrensa

Rødt og Venstre fikk over 4% av stemmene nasjonalt, og får flere stortingsrepresentanter. MDG og KRF var veldig nær, men havner under sperregrensa.

Rødt er over sperregrensen med 4.9%R
Miljøpartiet De Grønne er over sperregrensen med 4.9%MDG
Venstre er over sperregrensen med 4.9%V
Kristelig Folkeparti er over sperregrensen med 4.2%KRF
PartiDirekte­mandaterUtjevnings­mandaterMandater totalt
R3+5 8
MDG3+5 8
V5+3 8
KRF4+2 6

Tallene baseres på meningsmåling utført av Norstat 31. august.–8. september, 11,556 svar.

Vi velger representanter fra valgdistriktene der vi bor. Men siden mange distrikter har få stortingsplasser, kan små partier komme uheldig ut. Derfor har vi et system for å gjøre valget mer matematisk rettferdig. 19 utjevningsmandaterfordeles til partier som har fått for få representanter. Bare partier som har minst 4 % oppslutning får av denne potten.

– Under eller over sperregrensa betyr at det blir to eller fleire i ei stortingsgruppe. Eg håpar inderleg folk tenker at mi stemme tel veldig mykje. For no er det jamt på oppløpssida.

Men om KrF klarer 4,2 prosent og får 6 representantar på mandag kan KrF indirekte vere med på å påverke den raudgrøne maktkampen.

Akkurat ikkje nok

For: Nokre ekstra mandat til KrF og høgresida er ein av dei tinga som bidreg til at Støres draum om ei trepartiregjering av Ap, SV og Sp ikkje får fleirtal åleine.

Skulle Ap, SV og Senterpartiet danna regjering med dette resultatet, måtte dei ha gått til Raudt eller MDG - eller eventuelt parti på den andre sida - for å skape fleirtal for budsjett eller andre saker i Stortinget.

Men Ap-leiar Støre på valkamp i Tromsø ser lyst på det.

– Eg synest dette er lovande. Det regjeringsalternativet vi ønskjer oss er nært fleirtal. På ein torsdag før valet er det eit godt utgangspunkt for mobilisering og valkamp mot valdagen.

Senterpartiet har mista det meste av styrken sin i løpet av året. Dermed er Vedums formsvikt også noko som gjer at biletet akkurat no ser uoversiktleg ut på raudgrøn side.

Skjønt. Ikkje viss du spør Vedum. Han fokuserer på framgang.

Trygve Slagsvold Vedum på veg til debatt i TV 2 08.09.2021.

TILBAKE: Men Trygve Slagsvold Vedum fokuserer på framgang.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Vi er det einaste av dei fire største partia som går fram frå stortingsvalet i 2017, seier Trygve Slagsvold Vedum til NRK. – Vi ligg an til å gjere det nest beste valet i partiets historie. Men vi ser at potensialet er større.

– Kva er det som har feila i Senterpartiets strategi?

– Sanninga er at i Stortinget i dag har vi 19 stortingsrepresentantar, i denne målinga får vi 23. Vi går fram. Vi skal stå på heilt inn så vi får eit skifte og ein ny kurs.

Men SV, Raudt og MDG har til saman 18,7 prosent og 30 mandat. Altså er partia som står saman i saker som høgare skattetrykk og tøffare klimapolitikk no langt sterkare enn Senterpartiet er.

Tek heile hurven

SV-leiar Audun Lysbakken kan notere seg for den største framgangen i målinga. Partiet hans har gått fram frå 6,9 i supermålinga i august til 8,9 no.

SV-leder Audun Lysbakken.

ALLE: SV-leiar Audun Lysbakken meiner alle som vil kaste Solberg-regjeringa kan samarbeide.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Når du eventuelt set deg ned ved forhandlingsbordet, kva saker er viktigast for SV å få gjennomslag for?

Dette valet har blitt eit protestval mot aukande forskjellar og klimakrisa. Det kjem til å prege våre krav, seier ein optimistisk SV-leiar.

– Viss du fekk velje då? Kven vil du site i regjering med?

– Eg tek heile hurven, eg. Vi har sagt heile vegen at vi er ei samlande kraft på raudgrøn side. Vi kan samarbeide med Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Vi kan også samarbeide med Raudt og MDG.

I målinga svarar 3,1 % av dei spurde at dei vil stemme på parti som i dag ikkje sit på Stortinget. Demokratane er det klart største av dei «andre» partia, og har etter Norstats anslag 1 % oppslutnad.

NRK publiserer målingane frå kvart valdistrikt som denne nasjonale målinga byggjer på fredag 10. september.

Vi har alle vært der. Latet som om vi vet hvordan sperregrensen spiller inn på et valgresultat. Foran årets stortingsvalg er sperregrensen ekstra viktig, mange av småpartiene ligger an til å komme over fire prosent - og hei, da kan denne videoen kanskje være til hjelp. For deg.

AKTUELT NÅ