Hopp til innhold

NRK får PFU-kritikk for Lotto-sendingar

Pressens Faglige utvalg (PFU) meiner NRK må merke tydelegare at Lotto-sendingane er eit samarbeid med Norsk Tipping.

Norsk Tipping

NRK får kritikk i PFU for Lotto-sendingane til Norsk Tipping.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Punkt 2.3 slår fast at media skal vise openheit om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for oppfatninga til publikum av det journalistiske innhaldet.

– Slik utvalet ser det, er det ikkje tydeleg for publikum kva Norsk Tipping sin rolle inneber ut frå sluttplakaten som blir vist i sendingane, og utvalet meiner NRK med fordel kunne klargjort at det berre handlar om ansvaret for sjølve trekninga i spela, skriv PFU sitt sekretariat.

Det var spelselskapet Kindred Group som klaga NRK inn for PFU fordi dei meiner at kanalen sine Lotto-sendingar bryt Ver varsam-plakaten på seks punkt.

Spelgiganten meiner at NRKs sendingar er å sjå på som «sponsa innhald» eller innhaldsmarknadsføring.

NRK har på si side avvist at dei bryt god presseskikk med Lotto-sendingane. Dei seier at dei ikkje har kommersiell interesse av sendingane, og at dei blir viste fordi dei har allmenn interesse. NRK meiner òg at rolla til spelselskapet tydeleg kjem fram gjennom sluttplakatane i sendingane.

Per Arne Kalbakk

VIL MERKE TYDELEGARE: Etikkredaktør i NRK Per Arne Kalbakk.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Vil gjere samarbeidet tydelegare for sjåaren

Etikkredaktør Per Arne Kalbakk seier at NRK i framtida kjem til å merke Lotto-sendingane tydelegare slik at sjåarane lettare skal forstå kven som står bak.

– Det er lang tradisjon i media får at dei som får kritikk for å ikkje merke rolla til eit kommersielt selskap i eit redaksjonelt produkt tydeleg nok rettar seg etter det, og det skal sjølvsagt NRK og gjere, seier han.

Kalbakk understrekar at saka hadde lang behandlingstid og at det var eit knapt fleirtal som konkluderte med å gje NRK kritikk.

– For oss vert det no viktig at vi får den endelege uttalen frå PFU slik at vi kan sette oss ned og gå skikkeleg gjennom den, seier Kalbakk.

I dag vert det informert på slutten av Lotto-sendinga om at den er laga av eit produksjonsselskap og Norsk Tipping for NRK.

Det er dette samarbeidet NRK skal gjere tydelegare.

– PFU meiner Norsk Tipping sin rolle ikkje kom tydeleg nok fram og då er det klart at vi skal sette oss ned og finne ut korleis vi kan gjere dette på ein enda tydelegare måte, seier Kalbakk.

Kalbakk viser og til at PFU konkluderte med at NRK ikkje hadde brote nokon av dei seks punkta dei var klaga inn for frå V.V.P.

– Det som stod att var at vi må merke tydelegare kva slags rolle Norsk Tipping har i desse produksjonane. Sånn sett var det og ei avklaring om at Lotto-sendingane i all hovudsak er innanfor Vær-Varsam plakaten sine krav, seier Kalbakk.

Meiner NRK bør gjere rollene bak produksjonen tydelegare

PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen viser spesifikt til tre ting i Lotto-sendinga som Pressens faglige utvalg meiner kan forvirre publikum om kven som står bak produksjonen.

– NRK bør opplyse tidlegare i sendinga om Norsk Tipping sin rolle i programmet. NRK bør og vere tydelegare i studiokommentaren og gjennom logoane som vert nytta i sendinga, seier Johnsen.

AKTUELT NÅ