Hopp til innhold

NRK endrar Debatten: – Vi skal stå friare

Frå 6. november blir det aktuell samfunnsdebatt to gonger i veka på NRK1. Fredrik Solvang skal vere programleiar både på tysdagar og torsdagar.

Fredrik Solvang

Fredrik Solvang gler seg til å leie Debatten på NRK1 to gonger i veka frå november.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

– Vi satsar seriøst på debatt i NRK. Dette er midt i kjernen av samfunnsoppdraget vårt. Med Debatten to gonger i veka kjem vi endå tettare på nyhetspulsen, slik at vi kan vere meir dagsaktuelle enn i dag. Det blir ei halvtimes sending på tysdag og anten 40 eller 50 minutt på torsdagar, fortel redaktør fag i NRK Nyheter, Knut Magnus Berge.

Han fortel at temaet for debattane skal vere dagsaktuelt, og at temaet kan endrast heilt inn til sending.

– Tettare på publikum

Knut Magnus Berge

Knut Magnus Berge lovar meir debatt på NRK1 frå november, når Debatten kjem to gonger i veka.

Foto: NRK

– Vi skal vere mykje kjappare. Vi har rigga studio slik at vi enkelt kan ta inn folk direkte, samt å hive oss rundt raskt når det skjer noko. Vi trur det blir mogleg å kome endå tettare på publikum ved å involvere dei i debatten, seier Knut Magnus Berge.

Programleiar Fredrik Solvang gler seg til leie aktuelle debattar på TV to gonger i veka.

– Eg trur det er viktig i den mediekvardagen vil levere i å lage litt fleire og kortare menyar. Tempoet innan nyheiter og samfunnsdebatt har auka i takt med utviklinga av sosiale medium og mediemangfaldet, seier han.

Han fortel at dei ikkje kjem til å binde seg til eitt tema pr. sending, heller ikkje til store paneldebattar.

– Må utnytte engasjementet

– Vi vil eksperimentere med form og format, og vi vil involvere publikum mykje meir. Vi ser at det er eit stort engasjement rundt dei tema vi tek opp, og det må vi utnytte. Vi har sett ned eit arbeid for å finne ut korleis publikum kan kome med innspel, råd og forslag, seier den populære programleiaren.

Han forsikrar at Debatten framleis vil ta opp dei store og viktige debattane, men at det også skal vere plass til mindre saker, dei litt spesielle ordskifta som hittil ikkje har nådd opp i eit timelangt direktesendt debattprogram.

– Det treng heller ikkje alltid å vere debatt. Det kan også vere intervju og utspørjing, eller rein opplysning. Vi skal stå litt friare enn vi har gjort med den timeslange debatten vi har hatt på torsdagar, avsluttar Fredrik Solvang

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger