Hopp til innhold

Norwegian-bråket: Endrar ikkje folks flyvanar

Folk flest let ikkje saka om at thailandske tilsette i Norwegian har ei grunnløn på under 3000 kroner, påverke val av flyselskap, viser ei ny undersøking.

Norwegian-passasjer

LET SEG IKKJE PÅVERKE: Fleire og fleire flyg med Norwegian, og bråket rundt låglønte thailandske tilsette er ikkje med i likninga når nordmenn skal velje flyselskap.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Folk flest let seg ikkje påverke av avsløringane om at Norwegian brukar billig, asiatisk arbeidskraft på sine flygingar.

Trass i truslar om boikott, streik og skuldingar om sosial dumping, flyg fleire og fleire av oss med Norwegian, og dei fleste av oss har ikkje opplysningane om lave lønningar i bakhovudet når vi skal velje flyselskap.

7 av 10 bryr seg ikkje

888 nordmenn blei bedne om å svare på om denne informasjonen påverka deira val av flyselskap når dei skal ut og reise:

«Flyselskapet Norwegian er blitt sterkt kritisert av Fagforbundet for å leige inn utanlandsk arbeidskraft frå Thailand med ei grunnløn på under 3000 kroner i månaden.

Stein Gulbrandsen i Fagforbundet

BEKLAGELEG: – Det er beklageleg at folk er meir opptekne av pris enn av anstendige arbeidsforhold, meiner Stein Gulbrandsen i Fagforbundet.

Foto: NRK

Flyselskapet på si side meiner at arbeidstakarane har ei god løn målt mot andre arbeidstakarar i Thailand.»

Nesten 7 av 10 nordmenn let seg ikkje påverke av desse opplysningane når dei skal ut og reise, ifølgje undersøkinga som Norstat har utført for NRK.

Vestlendingar bryr seg minst

Undersøkinga viser at dei fleste ikkje let seg påverke av Norwegian-bråket når dei skal velje flyselskap, uavhengig av kjønn, alder og kvar dei bur. Små variablar viser likevel at kvinner bryr seg litt meir enn menn, og at vestlendingar bryr seg aller minst.

Aldersgruppa 30–39 år er dei som bryr seg minst om dette, medan aldersgruppa 50 + bryr seg mest. Det er i husstandar med tre familiemedlemer som bryr seg minst, medan einslege bryr seg minst.

Når det gjeld politisk ståstad er det færrast frå Høgre (83 prosent) som ikkje let seg påverke av bråket. For Framstegspartiet er talet 77 prosent, KrF 75 prosent og Senterpartiet 64 prosent.

Norwegians gullalder

60 prosent av dei som røystar SV seier dei let seg påverke av Norwegian-bråket når dei skal velje flyselskap. I Pensjonistpartiet er talet 73 prosent, medan 39 prosent av Ap-veljarane seier dei vil ta omsyn til dette når dei vel flyselskap.

Dei med høg utdanning bryr seg litt mindre enn dei med låg utdanning, medan dei som bur i byar over 50.000 innbyggjarar bryr seg litt meir enn dei som bur på mindre stader.

Tala er ei stadfesting på at Norwegian, trass i å ha gått gjennom eit konfliktfylt år, er inne i det næraste ein kan kalle ein gullalder.

Nesten to millionar passasjerar reiste nemleg med Norwegian i oktober, som er ein auke på 19 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Onsdag var Norwegian-aksjen den nest mest omsette på Oslo Børs, og kursen steig med 2,98 prosent.

Turbulent Norwegian-år

Dette trass i at 2013 var prega av trugslar om streik, krisemøte om Dreamliner-fly og presseoppslag om lønningane.

I slutten av oktober gjekk Norwegian sine eigne pilotar ut og kravde at styresmaktene endrar regelverket i luftfarta som dei meiner gjer det mogleg for Norwegian å ha låglønte thailandske tilsette.

Etter at NRK avslørte dette, gjekk arbeidstakarorganisasjonen Parat ut og oppmoda folk til å bruke forbrukarmakta mot det dei kalla sosial dumping i Norwegian.

Stein Gulbrandsen i Fagforbundets arbeidsutval kalla Norwegian ein versting i arbeidsmarknaden, og at Norwegian tek etter «gangstermetodane» til Ryanair.

Lasse Sandaker-Nielsen

informasjonssjef i Norwegian Lasse Sandaker-Nielsen meiner det er riktig å samanlikne med thailandske lønningar.

Foto: Margret Helland / NRK

– Anstendige organisasjonar og anstendige menneske nyttar ikkje verksemder som er med på å undergrave den norske velferdsstaten, seier Gulbrandsen.

– Tener meir enn gjennomsnittet i Thailand

Norwegian meiner på si side at kritikken er urimeleg, og at dei thailandske tilsette har betre vilkår i Norwegian enn dei har elles i landet. Informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian avviser på det sterkaste påstandane om sosial dumping.

– Det våre kabintilsette sit att med kvar einaste månad når dei får lønna si utbetalt frå oss, er langt over kva som er gjennomsnittsløna i Thailand, seier Sandaker-Nielsen.

Les meir av tilsvaret frå Norwegian her.

– Fagforbundet: Beklageleg

Uansett kritikk og forsvar så kan det sjå ut som at nordmenn flest ikkje let seg påverke uansett. Beklageleg, meiner Stein Gulbrandsen i Fagforbundet.

– Det er beklageleg at folk i liten grad bryr seg om anstendige arbeidsvilkår. Problemet er at vi lever i eit samfunn er det først og fremst skal vere billig, så kjem kvalitet og standard etter, seier Gulbrandsen.

– Det er viktig å seie at det faktisk er ein del folk som bryr seg, då, og vi vil fortsette arbeidet med å få fleire til å bry seg om dette, seier han.

AKTUELT NÅ