Hopp til innhold

Norske tog stadig meir forseinka

Togtrafikken i Noreg er meir forseinka enn nokon gong. Berre i fjor måtte NSB bruke over 130 millionar kroner på å sende passasjerar med buss og drosje.

Togkaos på Oslo S

All togtrafikk mellom Oslo S og Lysaker blei måndag ettermiddag innstilt grunna feil med signalanlegget på Skøyen. Her ventar passasjerar på Oslo S.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Trond Helleland

Misnøgd: Høgre-talsmann Trond Helleland

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Togpendlarane i Oslo opplevde nok ein kaotisk dag måndag, og det er ikkje første gongen det skjer.

Les: - Tålmodigheten renner ut

Berre i fjor måtte NSB bruke over 130 millionar kroner på å sende passasjerar med buss og drosje.

Nett-tv: Forseinkingar kostar NSB dyrt

Fordobla på to år

No viser statistikken ei auke i togforseinkingane samanlikna med tidlegare år. Til saman var norske tog over 26.000 timar forseinka i fjor. Det er nesten ei fordobling på to år.

Men det er ikkje NSB som får hovudskylda for problema. Kommunikasjonspolitisk talsmann i Høgre, Trond Helleland, har funne sin syndebukk.

- Jernbaneverket har eit hovudansvar - det er dei som har ansvar for dei store feila som oppstår. Det har vore brannar og feil på signalanlegg. Eg synast vi opplever det alt for ofte, og er veldig misnøgd med måten dette er handtert på, seier Helleland.

Skadar omdømmet

Han får delvis støtte av informasjonsdirektør Anne Marie Storli i Jernbaneverket.

- Alle forseinkingar er med på å gje jernbanen eit dårlegare omdømme. Då er det synd at vi ikkje kan levere eit produkt som er godt nok, men vi vil i alle høve gjere det vi kan for å rette opp dette.

Kommunikasjonssjef Anne Rygg i NSB er klar over at talet på forseinkingar er uheldig.

- Det bærer preg av eit tilbod som ikkje er i toppform, vedgår ho.

AKTUELT NÅ