Hopp til innhold

Norske legar ut mot Trumps innreiseforbod

I det kjente britiske tidsskriftet Lancet ber norske legar kollegaer tenke seg godt om før dei reiser til USA i protest mot innreiseforbodet for folk frå ei rekke hovudsakleg muslimske land.

Kristoffer Lassen og Bjørn Atle Bjørnebet

– POLITISK URETT: Initiativtakarane bak brevet, Kristoffer Lassen og Bjørn Atle Bjørnbeth i Norsk foreining for gastrokirurgi. – Dette innreiseforbodet treffer svært mange kollegaer i ein vanskeleg situasjon, seier Bjørnbeth.

Foto: Privat

– Vi synest det er veldig bra at eit så velrenommert tidsskrift som Lancet vil publisere dette brevet. Det viser at også dei vurderer det på same måte som oss. Sjølv om dette er eit medisinfagleg tidsskrift, så meiner dei at ein såpass stor politisk urett fortener merksemd i bladet deira, seier overlege i gastrokirurgi, Bjørn Atle Bjørnbeth til NRK.

Han og fleire andre kollegaer i Norsk foreining for gastrokirurgi har tatt initiativ til å oppmode alle sine kollegaer om å tenke gjennom dei etiske sidene ved å reise på møte og kongressar i USA så lenge innreiseforbodet varer. Frå før av har Norsk psykiatrisk foreining gjort det same.

Kjent tidsskrift

Bjørnbeth forklarer at det heile starta då ein kollega med muslimsk bakgrunn fortalde at han ikkje lenger ønskte å reise på eit planlagt møte i USA i vår, når så mange med liknande bakgrunn vart nekta innreise.

Brevet, som Bjørnbeth og kollegaene har skrive med støtte frå Norsk Forening for Gastrokirurgi (NFGK), skal no trykkast i den nye utgåva av det internasjonale medisinske tidsskriftet Lancet, som kjem ut i dag. Dette er ein unik sjanse til å få sende ut viktige signal, meiner Bjørnbeth.

– Dette innreiseforbodet råkar svært mange kollegaer i ein vanskeleg situasjon. Og vi meiner at å lansere eit innreiseforbod på bakgrunn av nasjonalitet, etnisitet eller religion er såpass alvorleg at alle som har moglegheit må gjere det dei kan for å stoppe det.

– Siste ord er ikkje sagt

Folk med amerikanske flagg og plakater demonstrerer mot Trumps innreiseforbud i New York
Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

President Donald Trump signerte 27. januar eit innreiseforbod til USA i tre månader for statsborgarar frå Iran, Irak, Syria, Sudan, Libya, Somalia og Jemen. I tillegg vart flyktningar nekta tilgjenge til USA i 120 dagar, og flyktningar frå Syria på ubestemt tid.

Presidentordren skapte store internasjonale reaksjonar. Statsleiarar i fleire land har tatt avstand, og i fleire land har folk demonstrert. Protestar mot forbodet har også tidvis skapt kaos på fleire flyplassar.

James Robart, ein føderal dommar i Seattle i delstaten Washington, sette i helga ein mellombels landsomfattande stoppar for presidentordren. Trump var raskt ute og kritiserte Robart, og lova at han skal få innført forbodet igjen.

Laster Twitter-innhold

– Dersom innreiseforbodet blir oppheva, står saka heilt annleis. Vi føler oss på noverande tidspunkt ikkje overbeviste om at siste ord er sagt i denne saka. Det verkar som det er fleire moglegheiter, og at Trumps administrasjon vil gjere det dei kan for å få gjennomført dette, seier Bjørnbeth.

AKTUELT NÅ