Hopp til innhold

Norske hjelpekroner søkk borte

Etter avsløringar om svindel med norske bistandspengar, er 24 millionar kroner betalte tilbake til Noreg dei siste tre åra. – Berre toppen av isfjellet, meiner UD.

Erik Solheim og Jonas Gahr Støre

Bistandsminister Erik Solheim (t.h.) seier norske styresmakter lenge har vore for naive når det gjeld omfanget av bistandsjuks. Her saman med utanriksminister Jonas Gahr Støre (t.v.).

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Det er i alt kome inn 249 tips om svindel med norske bistandspengar sidan Utanriksdepartementet i desember 2007 oppretta ein ny ekstern varslingskanal for å avdekkja korrupsjon.

I fjor forsvann over ein halv million bistandskroner av ambulanseprosjektet til Raudekrossen Noreg i Afghanistan.

Brukt på seg sjølv

Børge Brende i Raudekrossen

– Eg håpar dette ikkje blir brukt som argument mot å hjelpa folk i naud, seier generalsekretær i Raudekrossen i Noreg, Børge Brende.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Dei tretten ambulansane som Raudekrossen har i Kabul skal hjelpa folk som er skadde i bombeangrep. Ambulansetenesta er delvis finansiert av UD.

Det var tips frå ein av dei tilsette i ambulansetenesta som gjorde Raudekrossen bevisste på at nokon hadde forsynt seg grådig av pengesekken.

– Eg syntes det var ei sjølvfølgje å melda frå. Når nokon har teke 600 000 kroner frå prosjektet og brukt det på seg sjølve, var me nødde til å varsla, seier generalsekretær i Raudekrossen Noreg, Børge Brende.

– Har vore for naive

Nesten kvar veke kjem det nye saker på bordet til UD.

Det er ambassade-tilsette som oftast oppdagar korrupsjon, og bistandsminister Erik Solheim (SV) meiner det har vorte lettare å sei ifrå.

– Eg trur ein lenge var for naiv. Ein hadde ein tendens til å feia mistankar om korrupsjon under teppet i den gode saks teneste, men eg meiner det einaste som hjelper er resolutt handling. Korrupsjon må meldast til politiet og straffast, seier Solheim.

– Toppen av isfjellet

Kor mange norske bistandskroner som faktisk forsvinner, er det ingen som veit, sjølv ikkje leiaren for varslingstenesta i UD, EIrik Glenne.

– Det er mange saker og det er snakk om mykje pengar. Eg torer ikkje gjetta på kor mange prosent av bistandspengane som hamnar i feil hender, men det er nok toppen av eit isfjell me no ser, fortel Glenne.

– Må forventa å bli lurt

Etter at det UD-finansierte ambulanseprosjektet til Raudekrossen vart utsett for korrupsjon, har organisasjonen betalt pengane tilbake til staten.

Prosjektet i Kabul er endra, og dei ansvarlege er sparka. Men det er ikkje lett å yta bistand i eit land som vert rekna som det nest mest korrupte i verda, etter Somalia.

korrupsjonsskalaen til Transparency International, der 1 er mest korrupt og 10 er minst korrupt, får Afghanistan ein poengsum på skarve 1,4.

Brende i Raudekrossen innrømmer at svindel kan skje igjen.

– Når me opererer i nokon av dei vanskelegaste og mest korrupte landa i verda, som Afghanistan og Pakistan, vil me innimellom kunne bli lurt for pengar.

Fryktar færre vil hjelpa

Brende vil ha openheit om korrupsjonssaker som vert avslørte. Han håpar avsløringane om norske hjelpekroner på avvegar ikkje vil gå utover viljen til å hjelpa andre.

– Eg håpar dette ikkje blir brukt som argument mot å hjelpa folk i naud. Me tek alle mistankar om korrupsjon på alvor og gjer alt for å unngå at slike ting skjer.

AKTUELT NÅ