Hopp til innhold

Forskarar: Derfor heng Noreg etter resten av verda på algebra

Norske elevar er ganske flinke når dei skal rekna med tal. Men når bokstavar blir blanda inn, blir det verre.

Tom Rune Kongelf

Høgskulelektor Tom Rune Kongelf.

Foto: Idun A. Husabø

Gong på gong har internasjonale testar vist at norske elevar slit med algebra. Seinast i TIMSS-undersøkinga som blei slept tysdag.

Dette gjeld norske matteelevar både på barneskulen, ungdomsskulen og blant dei som tek vanskeleg matte på vidaregåande.

Saka held fram etter quizen.

Kritiserer læreplanane og bøkene

Høgskulelektor Tom Rune Kongelf ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner at det ikkje er tydeleg nok i læreplanane korleis lærarar skal arbeide med algebra.

– Vi som matematikarar forstår heller ikkje kva læreplanen vil at vi skal gjera. Det er framleis ikkje tydeleg nok korleis ein skal undervisa i algebra på dei ulike trinna, seier han til NRK.

Kongelf har forska på lærebøkene som blir brukt til algebraundervising på ungdomstrinnet. Han er ikkje imponert over det han har sett. Han meiner lærebøkene varierer for mykje i når dei introduserer algebra, kor mykje dei har med, og kva type algebra dei jobbar med.

– Lærebøkene gjer akkurat som dei sjølve vil. Dei bryr seg lite om læreplanar og det nyare forsking seier vi bør legge vekt på for at norske elevar skal bli gode på det. Dei som skriv lærebøkene heng ikkje heilt med i utviklinga, seier Kongelf.

Bakgrunn: Internasjonal test: Norske femteklassingar best i Norden i matte, men ...

Korfor er algebra viktig?

Det er kanskje eit spørsmål mange har stilt seg. Margrethe Naalsund er fyrsteamanuensis ved Norges miljø og biovitenskapelige universitet, og har blant anna forska på algebra.

– Me treng det for å forstå verda, inkludert å forstå fagområde som fysikk og informasjonsteknologi. Mellom anna nyttar me algebra til å forklara samanhengar i naturen eller å laga modellar for folkevekst.

Ekspert vil ha meir munnleg undervising

Naalsund trur at ein av årsakene til at norske elevar slit med algebra, kan vera at overgangen til såkalla formell algebra kor ein puttar inn x og y i reknestykke, blir for brå.

Margrethe Naalsund

Fyrsteamanuensis Margrethe Naalsund ved NMBU.

Foto: Privat

– Ein lærar elevane algebra som ikkje er relevant for dei. Det gir ikkje meining.

Naalsund meiner at å byrja tidleg på barneskulen med algebraisk problemløysing og resonnement kan hjelpa. Utan å nytta bokstavar, kan ein diskutera problemstillingar som eigentleg er algebra.

Ho viser til ei studie som blei gjort i USA, og eit konkret eksperiment i den studien for barn i småskulen.

I staden for å setta opp reknestykket f(x)=x+3 der, sette dei fram to boksar.

Det var like mange kuler i begge boksane. Men på den eine boksen var det limt tre kuler på utanpå.

– Då kunne elevane kjenne på eskene og rista på dei. Og så utvikla diskusjonen seg til at alle fekk komma med forslag til kor mange kuler det var i boksane.

Også Kongelf viser til at algebra blir introdusert som noko heilt nytt, noko som er vanskeleg å relatera til den forståinga elevane har frå før.

– Lærebøkene må knyta algebra til noko generelt som dei kan frå før, for å kunne overtyda elevane om at dette er noko dei treng, avsluttar han.

Her kan du og prøve deg på oppgåver både i matte og naturfag.

Les også:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger