I ein hage i Oslo spelar William (11) og Georg (10) fotball. På terrassen står det tre flasker med den populære drikken Prime oppstilt. Den grøne er Georg sin.
– Eg fekk lov til å kjøpe ei flaske for ei stund sidan. Og så fann vi ut at det var så mykje som ikkje var bra for barn oppi der.
I dag bruker han flaska som vassflaske, men får stor merksemd frå dei andre barna i gata når dei ser han drikke.
– Dei synest det ser kult ut, og spør meg kvar eg har fått tak i flaska, seier han.
William og Georg seier Prime er populært blant mange barn, og at dei fekk lyst på drikken etter å ha sett han på YouTube.
Foto: Kari Lie / NRKWilliam har fått tilsendt sine to flasker frå slekt i USA, etter at han såg youtubarar snakke om drikken i videoar.
– På skulen er det mange som spør om dei kan få, men eg seier nei. Men eg deler med vennane mine, om eg har noko igjen, seier han.
Men smaken på drikkane, synest han er sånn passe.
– Eg synest det smakar veldig søtt godteri, så eg er litt ferdig med det. Eg drikk helst vatn eller noko anna.
Ikkje lov å selje i Noreg
For tre veker sidan sa Mattilsynet at sal av Prime i norske butikkar var i strid med regelverket. Grunnen er at enkelte av produkta har for høge nivå av vitamin A og koffein langt over den norske maksgrensa, seier seksjonssjef Are Sletta.
– For mykje vitamin A over tid kan gi alvorlege helseeffektar, avhengig av dosen. Men barn er spesielt utsett fordi dei har lågare kroppsvekt og toler lågare dosar enn vaksne. For mykje koffein kan gi akutte effektar som uro, søvnproblem og angst.
Det er youtubarane Logan Paul og KSI som står bak Prime. Kanalane deira har til saman nesten 50 millionar abonnentar.
Logan Paul (til venstre) og KSI skal ha seld Prime for over 4 milliardar norske kroner det første året drikken var tilgjengeleg. Her frå London i fjor sommar.
Foto: APMed hjelp frå videoar på blant anna YouTube og TikTok har drikken fått stor eksponering og blitt svært populær blant barn og unge.
I Storbritannia har det vore lange køar utanfor butikkane som sel Prime. I tillegg blir flasker selde for høge summar på den svarte marknaden, skriv BBC.
Prime framleis tilgjengeleg
Det finst ingen norsk importør av Prime. Difor kjøper butikkar og kioskar kasser med drikke frå utlandet for vidaresal. Det fører til høge prisar i Noreg, i enkelte tilfelle opp mot 500 kroner literen.
Men sjølv om Mattilsynet har varsla at sal av Prime er ulovleg i Noreg, er produkta framleis tilgjengelege i fleire norske butikkar.
NRK har dei siste dagane vore i fleire butikkar i Oslo med Prime i hyllene. Eigarane av butikkane har ikkje ønska å stille til intervju, men seier dei ventar på avklaringar frå Mattilsynet.
Men Are Sletta i Mattilsynet meiner dei har kome med dei avklaringane det er behov for.
– Vi har gått breitt ut og informert om at dette ikkje er lov. No forventar vi at dei rettar seg etter dette, og tek produkta ut av hyllene.
Seksjonssjef Are Sletta i Mattilsynet.
Foto: Trygve Heide / NRKDersom butikkane ikkje rettar seg etter dette, kan tilsynet pålegge omsetningsforbod. Så langt har ein butikk fått eit slikt forbod, men Slettan seier det fort kan bli snakk om fleire.
– Så langt er det snakk om eitt omsetningsforbod, men det er nye og pågåande saker, så det kan komme fleire, seier han.
NRK har vore i kontakt med Prime for ein kommentar til det norske forbodet, men dei har så langt ikkje svart.