NRK Meny
Normal

Norsk turist ramma av denguefeber på Madeira

Ein norsk turist er ramma av denguefeber på den portugisiske ferieøya Madeira. Vedkomande er no frisk igjen, opplyser Folkehelseinstituttet.

Denguefeber

Denguefeber smittar ikkje frå menneske til menneske, men berre ved myggstikk.

Foto: STRINGER / Reuters

Utbrotet av denguefeber på Madeira starta i oktober i år, og sidan då er i underkant 2000 personar smitta. Rundt 50 av desse er turistar frå europeiske land.

Lege Tone Bruun ved avdeling for infeksjonsovervaking ved Folkehelseinstituttet seier at det ikkje er grunnlag for å frårå reiser til Madeira, men at turistar må vere merksame på smitterisikoen.

Influensaliknande symptom

Aedes aegypti

Dette er myggen Aedes aegypti, som spreier smitta av denguefeber.

Foto: Muhammad Mahdi Karim

Denguefeber gir influensaliknande symptom med høg feber, hovudverk, låg toleranse for lys, utslett og muskel og leddsmerter. Små born får vanlegvis berre moderat feber og utslett. Sjukdomen kan av og til utvikle seg til alvorleg sjukdom med blødingar.

– Folk som har vore på Madeira bør gå til lege dersom dei får symptom på sjukdomen inntil 21 dagar etter heimereisa frå øya, seier Tone Bruun i Folkehelseinstituttet.

Aedes aegypti

Viruset blir overført via stikk av myggen Aedes aegypti og smittar ikkje frå person til person. Det er inga vaksine mot sjukdomen. Beste måten å verne seg mot smitte er å bruke myggmiddel og å dekkje til kroppen med klede. Aedes-myggen bit også om dagen, i motsetnad til malariamyggen.

Tone Bruun rår nordmenn på Madeira til å verne seg mot mygg også på dagtid, og å sove under myggnett om natta.

LES OGSÅ: Genmodifisert mygg skal hindre dengue-feber

LES OGSÅ: – Mamma og pappa ble forberedt på at jeg skulle dø etter studietur

LES OGSÅ: Ti ekle feriesykdommer

LES OGSÅ: Tropesykdommene inntar Europa

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger