NRK Meny
Normal

Norsk-tsjetsjenarar dømde for ran av prostituerte

Fire menn i alderen 20–24 år er dømde til fengsel i mellom to og sju år for fleire brutale ran av åtte utanlandske prostituerte kvinner i Oslo-området. Hovudmannen er dømd til fengsel i sju år.

Bistandsadvokater i saken om ran av prostituerte

Bistandsadvokatene Anne Kristine Bohinen og Karoline Henriksen representerte to av de fornærmede kvinnene i saken.

Foto: Martin H. W. Zondag

Framgangsmåten til dei fire mennene var både utspekulert og brutal. Hovudmannen, ein 24 år gammal mann busett i Bærum, bestilte tid hos prostituerte via ei nettside. Han avtalte å møte kvinnene i deira husvære for å kjøpe seksuelle tenester.

Då han var komen inn i husværet, sørga han også for at kameratane hans kom seg inn. Dei trua til seg pengar, mobiltelefonar og smykke ved bruk av vald. Kvinnene vart trua med pistol, kniv og ein teleskopbatong.

Utsette for grov vald

Leilighet de prostituerte disponerte

Eitt av rana skjedde i denne bustadblokka i Oslo i oktober i fjor.

Foto: Ellen Borge Kristoffersen / NRK

Fleire av kvinnene vart slått og sparka, og retten slår fast at dei er utsette for grov vald. Fleire av dei har fått alvorlege etterverknader av det brutale ranet.

Eit mønster var at dei fire norsk-tsjetsjenarane ved hjelp av truslar og vald stengde kvinnene inne på badet, medan dei leita gjennom husværet i jakt på pengar og verdisaker. Dei tok med seg både kontantar, bankkort, mobiltelefonar og smykke.

Dei fire norsk-tsjetsjenarane rana til seg over 100.000 kroner frå dei prostituerte kvinnene i perioden oktober 2015 til januar i år.

Hovudmannen, fødd i 1993, busett i Bærum og sjølvstendig næringsdrivande, fekk altså ein dom på sju års fengsel. 270 dagar han har vore varetektsfengsla blir trekt frå denne straffa.

Prostituert ble ranet: – Jeg satt der og gråt hele tiden

Oppreising og erstatning

Til saman må dei fire betale fleire hundre tusen kroner i oppreising og erstatning til kvinnene.

Tiltalte nummer to, fødd i 1992, sjølvstendig næringsdrivande og busett i Oslo, er dømd til fengsel i to år og seks månader. Han får eit frådrag på 33 dagar han har vore fengsla i saka tidlegare. Det var han som hadde teleskopbatongen som vart brukt, og denne er det teke beslag i.

Tiltalte nummer tre, fødd i 1994, busett i Oslo og vektar av yrke, er dømd til fengsel i tre år og seks månader. Han får frådrag på 236 dagar han har vore fengsla i samband med saka.

Han var også tiltalt for valdtekt, men dette er han frifunnen for.

Tiltalte nummer fire, fødd i 1995, busett i Oslo og arbeidsledig, og som var under 18 år då ugjerningane skjede, er dømd til fengsel i tre år og seks månader, minus 59 dagar han alt har vore i fengsel i saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger