NRK Meny
Normal

Norsk Tipping: – Vi er skuffa over ExtraStiftelsen

HAMAR (NRK): Norsk Tipping-sjefen meiner ExtraStiftelsen driv eit høgt politisk spel. – Vi er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen, seier Torbjørn Almlid.

– Eg er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen opptrer på denne måten og sår tvil om det gode avtaleforholdet som har vore over veldig lang tid, seier administrerande direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid.

OVERRASKA: – Vi er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen opptrer på denne måten og sår tvil om det gode avtaleforholdet som har vore over veldig lang tid, seier administrerande direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid.

28 helseorganisasjonar går hardt ut mot Norsk Tipping. Dei meiner tippeselskapet urettmessig har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner som skulle gått til helsetiltak.

Administrerande direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid, meiner dette er feil.

– Vi er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen opptrer på denne måten og sår tvil om det gode avtaleforholdet som har vore over veldig lang tid, seier Almlid til NRK.

Meiner avgifta er rettmessig

ExtraStiftelsen, som eig tv-spelet Extra saman med Norsk Tipping, betalar over 90 millionar kroner i året til ei operatørgodtgjersle – ei avgift for å få tilgang til den norske spelmarknaden.

Sidan spelets oppstart i 1996 har ExtraStiftelsen betalt nærare 1,4 milliardar kroner til denne avgifta.

Norsk Tipping meiner operatørgodtgjersla er i tråd med det Stortinget har bestemt, og at avgifta er heilt rettmessig.

– Vi meiner dette er ei heilt rettmessig avgift som går med til å dekkje totaliteten av apparatet i Norsk Tipping, seier Almlid.

– Dersom ikkje ExtraStiftelsen skulle vore med å ta sin del av disse kostnadane, hadde alle kostnadane blitt velta over på dei andre overskotsmottakarane, og dei hadde fått mindre overskot, seier Almlid.

Created by InfoDispatcher

28 helseorganisasjonar går no hardt ut mot Norsk Tipping. Dei meiner tippeselskapet urettmessig har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner som skulle gått til helsetiltak.

– Klar over kva Stortinget har beslutta

I en epost til NRK skriv Norsk Tipping at «Operatørgodtgjørelsen er en godtgjørelse for profesjonell bistand til å gjennomføre spillaktiviteten på pengespillmarkedet i Norge, samtidig som den er et virkemiddel for å sikre at andre overskuddsmottakere ikke får sviktende inntektsnivå som en følge av Extra-spillet».

Operatørgodtgjersla kjem i tillegg til rundt 90 millionar kroner som Norsk Tipping får for drift, marknadsføring, utvikling av Extra-spelet.

– Er denne avgifta i tråd med det Stortinget har beslutta, dersom pengane går til andre?

– Vi meiner det. Vi er klar over kva Stortinget har beslutta. Avtalen har vore forhandla, den har vore reforhandla og den har til ei kvar tid vore godkjent av den sitjande statsråd, svarer Almlid.

Regnskap for 2014

Post

Sum

Prosentandel

Premieandel

469 646 055 kr.

49%

Provisjon til kommisjonærane

58 625 331 kr.

6%

Drift, marknadsføring og utvikling til Norsk Tipping

88 934 472 kr.

9%

Operatørgodtgjersle - betaling for adgang til marknaden

93 130 984 kr.

10%

Helseføremål

245 527 140 kr.

26%

Totaltomsetnad:

955 863 982 kr.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger