Hopp til innhold

Norsk terrorsikta kvinne ber om å bli arrestert

Ei 29 år gammal norsk kvinne som er i Syria med ein alvorleg sjuk fireåring, søker tingretten om å bli gripen, slik at ho kan få forklare seg for norsk politi i Noreg. Det seier advokaten hennar til NRK.

Norsk 29-åring i leiren Al Hol i juni

Den 29 år gamle kvinna bur i Al Hol-leira i Syria saman med to barn. Den fire år gamle sonen hennar er alvorleg sjuk.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Onsdag blei det kjent at PST har sikta kvinna, som sit i leiren Al Hol nordaust i Syria, for deltaking i terrororganisasjonen IS. Kvinna nektar straffskuld, og meiner ho blei teken inn i landet mot si vilje av ein norsk framandkrigar.

Noreg har ikkje kravd å få kvinna utlevert, og kjem heller ikkje til å bli det med mindre politiet ber om det, ifølgje justisminister Jøran Kallmyr.

Men no vil kvinna sjølv be om å bli arrestert av norsk politi. Familiens advokat Nils Christian Nordhus seier til NRK at dei torsdag kveld kjem til å levere eit krav til Oslo tingrett.

– Ho ønsker å prøve ut alle moglegheiter. Difor tek ho dette dramatiske steget med å be om å bli gripen straks. Det vil i større grad også forplikte påtalemakta til å ta steg.

Håper på medhald

Når Oslo tingrett skal behandle denne saka, vil dei også hente inn svar frå påtalemakta. Men Nordhus meiner kvinna bør få medhald i kravet.

– Påtalemakta etterforskar ei alvorleg straffesak. Vi reknar med at dei vil oppklare denne saka og vil imøtekome ønsket hennar om å bli gripen.

Men han legg til at avgjerda om å hente heim mora og barna hennar er eit spørsmål om utanrikspolitikk, og ikkje eit ansvar påtalemakta har.

– Det er framleis regjeringa sitt ansvar å redde livet til den alvorleg sjuke fireåringen.

Advokat Nils Christian Nordhus

Advokat Nils Christian Nordhus seier den sikta kvinna er villig til å gjere det ho kan for å få både seg sjølv og barna heim til Noreg. Ho ber difor om å bli fengsla, slik at ho får forklare seg for norsk politi.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Dersom tingretten skulle kome fram til at dei vil innfri kravet hennar, reknar Nordhus med at kvinna og barna blir henta ut av Syria så snart som råd.

– Vi ber retten om å imøtekome ei mors nok så forståelege behov og ønske om å redde livet til barna sine og sitt eige liv. Ho er dessutan klar til å vere med å oppklare straffesaka, og forberedt på straffeforfølging i Noreg.

Forverra helse

Den 29 år gamle kvinna er mor til ei to år gammal jente og ein fire år gammal gut. Guten er alvorleg sjuk. Mora har tidlegare bede Noreg om hjelp til å få kome seg ut av landet, og norske styresmakter har sagt dei vil hente heim norske barn, dersom mødrene samtykker til det og blir igjen i leiren.

Men 29-åringen seier ho ikkje vil gi frå seg barna til norske styresmakter. Ho ønsker å vere saman med barna.

I slutten av september kom det fram at helsetilstanden til sonen var blitt verre. Han har gått ned i vekt, og kan kome til å døy på kort sikt.

MDG kom i førre veke med eit forslag om å hente heim kvinna og barna hennar frå Syria, men det blei stemt ned i Stortinget.

AKTUELT NÅ