– Med mange små turbinar kan du få installert mykje meir kraft på eit lite areal. På éin slik flytar kan du produsere fem gonger så mykje kraft som med ei tradisjonell vindmølle, seier Ole Heggheim.
Han er administrerande direktør i Wind Catching Systems AS, selskapet som utviklar turbinane.
NRK treffer han ikkje langt frå Kråkenes fyr. Det ligg på Vågsøy i Sogn og Fjordane. Mehuken vindkraftpark er ein av dei mest forblåste i landet. Her søkjer selskapet om konsesjon for å testa ut ein av turbinane som skal brukast til havs.
– Realistisk
Den sterke vinden denne dagen gjer det vanskeleg å stå oppreist. To gonger bles hjelmen av karane som er her for å sjå på forholda.
– Dette er så nær ein kjem tilstanden til havs som mogleg. Det blir veldig realistiske forhold å teste under, seier Heggheim.
Turbinen er mykje mindre enn dei som står her frå før, og han skal seinare stå saman med mange andre i flytande vindkraftverk.
Får støtte frå Enova
Regjeringa har som mål at flytande vindkraftverk i 2040 skal produsere nesten like mykje straum som alle kraftverk på land gjer i dag.
No får Wind Catching Systems AS 22 millionar kroner frå det statlege klima- og energiforetaket Enova. Pengane skal gå til å utvikle og teste turbinsystemet.
– Ved å utvikle forskjellig teknologi, kan fleire leverandørar kome på banen. Eit større mangfald gir større moglegheiter for å lukkast, seier marknadsdirektør i Enova, Astrid Lilliestråle.
Ho meiner det er ein fordel at Wind Catching Systems sine «vindveggar» eller «vindsegl» er arealeffektive.
– Heller ikkje på havet er det grenselaust med plass, seier Lilliestråle.
På høgde med Eiffeltårnet
Dei største turbinane for havvind har rotor med ein diameter på over 200 meter. Til samanlikning er turbinen til Wind Catching Systems liten, med ein rotor-diameter på «berre» 30 meter. Til gjengjeld skal det monterast mange av dei på ei ramme som skal bli 350 meter brei og 300 meter høg.
Det er omlag like høgt som Eiffeltårnet i Paris. Likevel meiner selskapet at installasjonen vil halde seg oppreist, flytande på havet, i all slags vêr.
På land blir fulg skadd eller drept av vindturbinar. Det kan og skje til havs, erkjenner Ole Heggheim.
– Det vil alltid vere fare for fugl med havvind, og det er noko vi tar på aller største alvor, seier han.
Han meiner likevel at deira installasjon er enklare for sjøfugl å sjå og styre unna enn tradisjonelle, store vindturbinar. Vindveggane skal og ha utstyr som skremmer fuglar vekk frå turbinane.
Enkle å halde vedlike
Installasjonar til havs må tole store påkjenningar og vil trenge vedlikehald. Heggheim samanliknar med bilar - Ferarri og Toyota Corolla.
– Der andre vinturbinar til havs er ekstremt avanserte maskinar, har vi laga ein veldig enkel turbin. I staden har vi veldig mange av han. Det blir ei løysing som er lett å vedlikehalde. Samtidig er han heilnorsk, seier han.
Forskar i Sintef Energi, Valentin Chabaud, seier han ikkje veit kva for løysing for havvind som er den mest lønsame. Men han ser fordelar med eit system med mange små rotorar.
– Eit lågare tyngdepunkt gir ein lettare konstruksjon. Større konsentrasjon av turbinar gjer dei enklare å installere og vedlikehalde, seier Chabaud til NRK.
Wind Catching Systems satsar på å ha eit kommersielt kraftverk av denne typen klar til utbygginga ved Utsira i 2027-2028.