Hopp til innhold

Norsk student trur virus-utbrotet vil endre Kina

Gustav Gillund (22) frå Bindal i Nordland, som til dagleg er student ved Universitetet i Beijing, er i karantene i ein by i Henan-provinsen. Han veit ikkje når han får reise tilbake til hovudstaden.

Gustav Gillund (t.v.) saman med familien han bur hos.

Gustav Gillund (t.v.) er isolert i Yuzhou i Henan-provinsen saman med familien til kjærasten.

Gillund reiste til den byen Yuzhou saman med kjærasten for å feire det kinesiske nyttåret saman med familien hennar. Det vart oppdaga to tilfelle av koronaviruset i nabolaget til denne familien, og dermed vart heile området sett i karantene.

– Vi kan bevege oss ut for å gå i butikken, men det er kontrollpostar over alt. Her blir vi sjekka for feber og fått beskjed om å halde oss innandørs, fortel han til NRK på telefon frå Henan. Han veit ikkje når han får vende tilbake til Beijing, men håpar det kan skje noko neste helg.

To vekers karantene

China Outbreak

Dr. Li Wenliang var den første som ropte varsku om sjukdomsutbrotet, men han fekk forbod om å fortelje om det. Han døydde seinare av viruset, og no har han fått folkehelt-status i Kina.

Foto: AP

– Dette nabolaget vart sett i karantene for ei veke sidan. Det vanlege er at karantenen blir oppheva etter to veker om det ikkje dukkar opp nye smittetilfelle. Så eg håpar å kunne reise tilbake neste helg, seier han.

Han er ikkje redd, fortel han, men vedgår at det er temmeleg kjedeleg å vere isolert på denne måten. Den treningsglade bindølen, som studerer internasjonale relasjonar, må nøye seg med nokre korte spaserturar.

Gustav Gillund fortel at koronaviruset overskuggar alt anna i Kina for tida. På fjernsynet er det stort sett berre viruset det handlar om, og det same gjeld aktiviteten på sosiale medium. Dødsfallet til legen som varsla om viruset før jul, har ført til sterke reaksjonar, seier han.

Til minne om avdød lege i Kina.

Fleire stader har folk lagt ned blomar for å minnest den avdøde legen som først varsla om viruset. Legen har fått folkehelt-status på sosiale medium i Kina.

Dekret som forbaud legen i å varsle om virusutbrotet.

Dette er brevet den avdøde legen fekk frå styresmaktene, som forbaud han å gå ut med informasjon om koronaviruset.

Foto: Bent Tandstad

– Mange er skikkeleg forbanna for at denne legen fekk munnkorg av styresmaktene , og i starten etter dødsfallet var det nærmast ei revolusjonær stemning på sosiale medium. Kanskje det var ein spøk, men det var nokon som spurde om dei skulle møtast på Tianaman-torget i Beijing, der opprøret vart slått ned i 1989. Og dette er svært uvanleg. Kinesarar er oftast svært forsiktige med slike ting, seier han.

Krav om ytringsfridom

Han er overraska over at ropa om ytringsfridom og vern av varslarar har vore såpass kraftige på sosiale medium. Samstundes er kinesarane veldig redde for koronaviruset, så folk har ikkje vore ute og demonstrert. Dei fleste held seg heime, men på nettet har det kokt.

Mange har uttrykt sinne over kneblinga av varslarlegen, og det har vore sterke krav om ytringsfridom

– Eg trur ikkje det blir systemendringar av dette, men saka har alt ført til endringar. Styresmaktene vil nok ikkje ta sjansen på å kneble varslarar på denne måten i framtida, slik dei gjorde med legen som oppdaga viruset. Og det at så mange millionar menneske skreiv om dette på sosiale medium blir nok lagt merke til av styresmaktene, og folk har oppdaga at dei har stor makt. Eg trur dette vil føre til mindre sensur i framtida, seier Gustav Gillund.

Utsett semesterstart

Gustav fortel at han har fått melding frå Universitetet om at han ikkje skal kome tilbake slik situasjonen er no. Han reknar med at semesterstart etter nyttårsfeiringa kan bli utsett med fleire månader, og det har vore snakk om at undervisinga ikkje kjem i gang igjen før i mai.

Han merkar likevel at det er færre restriksjonar andre stader. Han har høyrt frå vener at dei har reist tilbake til jobben etter nyttårsfeiringa.

722 har mist livet som følgje av koronaviruset i Kina pr. laurdag føremiddag norsk tid. I tillegg er to personar døde av viruset utanfor Fastlands-Kina, ein i Hongkong og ein på Filippinane.

Det siste døgnet er det registrert 3399 smittetilfelle i Kina . Totalt er over 34.500 menneske smitta av viruset i landet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger