Hopp til innhold

Norsk kontantstøtte til 600 born busette i Polen

I september i år fekk 880 personar utbetalt kontantstøtte gjennom EØS-reglane. Det er 200 fleire enn på same tid i fjor, og Polen er landet med flest kontantstøttemottakarar.

Yngvar Åsholt

Yngvar Åsholt er kunnskapsdirektør i Nav. Han meiner dei store utbetalingane til utlandet er ein naturleg konsekvens av regelverket.

Foto: NAV

EØS-reglane sikrar at alle frå EØS-området som jobbar her i landet, har rett på kontantstøtte til borna sine, same om borna bur her i landet eller i Polen. 600 av dei 880 mottakarane er frå Polen, og det neste landet på lista er Litauen med 70.

Kontantstøtta blir gitt til eittåringar, som ikkje har heiltidsplass i barnehage. I Noreg blir dette nøye kontrollert, men ikkje i utlandet. Støtta er på 6000 kroner i månaden, ein sum som er verd langt meir i Polen enn her i landet.

– Naturleg konsekvens

Kai-Morten Terning (Frp)

– Dette skal det bli slutt på, seier statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet, Kai-Morten Terning.

Foto: Katarina Theis-Haugan / NRK

– Dette er ei ordning som blir oppfatta som lukrativ, og som dei har rett på ut frå lova. Vi kan forvente at auken vil halde fram i tida som kjem. Det er ein naturleg konsekvens av det regelverket vi har og den arbeidsinnvandringa vi har til Noreg, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav.

Regjeringa synest ikkje det er greitt at kontantstøttemottakarar som bur i til dømes Polen får like i støtte som dei som bur her i landet.

– Vi ser no at det er ein vekst, ikkje berre for kontantstøtte, men også for andre trygdeytingar, og det vil vi gjere noko med, seier statssekretær Kai-Morten Terning (Frp) i Barne- og likestillingsdepartementet.

LES OGSÅ: SV anklager Støre for gammeldags familiepolitikk

LES OGSÅ: Krefter i Høyre vil avvikle konstantstøtten i Oslo

– Ikkje enkelt å endre

– Alle som jobbar her i landet har krav på dei same ytingane, men det er ikkje rimeleg at dei som bur i eit land med lågare kostnadsnivå, til dømes i Polen, skal få like mykje utbetalt som dei som bur i Noreg, legg han til.

Det er ikkje enkelt å få til slike endringar. Noreg har alt tap ei sak i Efta-domstolen om eksport av barnetrygd. Fleire juristar har uttrykt skepsis til om EØS-retten vil godta redusert på norske velferdsytingar som blir utbetalt i andre europeiske land.

LES OGSÅ: Venstres budsjettforslag: Kutt ut hele kontantstøtten

LES OGSÅ: Omkamper for tilværelsen

LES OGSÅ: Regjeringen fortviler over sprikende sentrumskrav

AKTUELT NÅ