Hopp til innhold

Norsk industri vil ha omfattande endringar i AFP-ordninga

Grunngjevinga for ordninga med avtalefesta pensjon, AFP, er borte. Difor bør ordninga endrast betydeleg i lønnsoppgjeret til våren, meiner Norsk Industri.

Pensjon

Ordninga med avtalefesta pensjon har blitt for dyr, meiner Norsk industri. AFP blei endra i forbindelse med pensjonsreforma i 2011. No ligg det an til omkamp til våren.

Foto: Tor Richardsen, Richardsen, Tor / Scanpix

Det ligg an til ein kraftig dragkamp om avtalefesta pensjon i lønnsoppgjeret til våren. I førre veke kravde LO-forbundet Handel og kontor eit løft i ordninga for kvinner. Og tysdag sa administrerande direktør Stein Lier-Hansen i NHO-forbundet Norsk industri både til NRK og VG at AFP har blitt ei ordning for «godt betalte menn».

Stein Lier Hansen

Administrerande direktør Stein Lier Hansen i Norsk industri.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I Politisk kvarter i dag peika han på at ordninga vil vere kraftig underfinansiert i 2040. Det kom også fram i ein rapport NHO og LO la fram i førre veke. Lier-Hansen meiner difor partane i arbeidslivet må ta grep.

– Grunngjevinga for AFP er borte. No må vi endre ordninga i vesentleg grad. I dag er 3 av 4 som nyttar ordninga menn med høg inntekt, og 2 av 3 er framleis i jobb. Dette er ikkje lenger ei ordning for slitarar, men ei generell luksusordning.

Skulle vere ei nedtrapping

AFP-ordninga blei først innført i 1988, og var meint som ei overgangsordning for dei som hadde arbeidd lenge i tunge jobbar. Ordninga er endra fleire gongar. Sist i 2011 i forbindelse med pensjonsreforma. Då blei det mogleg for mange å gå av med pensjon ved fylte 62 år, samtidig som dei kunne jobbe ved sidan av.

Trine Lise Sundnes, forbundsleder i Handel og Kontor

Forbundsleiar Trine Lise Sundnes i Handel og kontor.

Foto: HK

Men forbundsleiar Trine Lise Sundnes i Handel og kontor kjenner seg ikkje igjen i framstillinga til Lier-Hansen.

– Slitarane som tek ut AFP er ikkje borte. Det er framleis mange som jobbar i butikk, på lager, i næringsmiddelindustrien og helsefagarbeidarar som nyttar ordninga. Dette er ofte kvinner som framleis slit betongen i manuelle yrke med tunge løft.

Ho er samd i at ordninga må bli meir berekraftig, men seier ho er oppteken av at dette ikkje skal råke dei som ikkje kan halde fram å jobbe.

Blir eit stridsspørsmål i lønnsoppgjeret

AFP kjem til å stå på sakskartet når partane i arbeidslivet møtast til forhandlingar til våren. Men partane står langt frå kvarandre. LO vil altså ha eit løft for kvinnene i ordninga, og meiner arbeidsgjevarane bør ta eit større ansvar:

– Dersom arbeidsgjevarorganisasjonane kunne ta tak i eigne medlemmar, og ikkje bruke AFP som salderingspost i nedbemanningsprosessar, er mykje gjort på innteningssida, seier Sundnes.

Men Lier-Hansen avviser at ordninga blir brukt på denne måten. Han meiner partane må få endra ordninga utan at det blir dyrare for verksemdene og samfunnet.

– Alle endringane vi gjer bør ha som mål å redusere underfinansieringa. Og det kan vi gjere ved at ordninga blir billegare og meir treffsikker.

AKTUELT NÅ