Hopp til innhold

Norsk mann døydde i snøskred i Austerrike

Ein norsk mann mista fredag livet i eit snøskred i Klösterle i Austerrike. Det lokale politiet opplyser at den omkomne mannen var 43 år.

Redningsmannskaper jobber i området Albona i Klösterle i Austerrike, hvor en nordmann omkom i et snøskred fredag.

REDNINGSAKSJON: Redningsmannskap kom til området Albona i Klösterle i delstaten Vorarlberg Austerrike, der ein nordmann omkom i eit snøskred fredag.

Foto: POLITIET

– Utanriksdepartementet er kjent med at ein norsk borgar har omkome i ei skredulukke i Austerrike. Det skal ha skjedd i skistaden Albona i Klösterle, seier Tuva Bogsnes, pressevakt i UD.

Ho seier at UD ikkje har meir informasjon om skredet.

– Men det som er viktig er at vi har kontakt med pårørande og har tilbode konsulær bistand i samsvar med fast praksis i samband med dødsfall i utlandet, seier ho og fortel det til dømes kan vera hjelp med å få frakta omkomne tilbake til Noreg.

Av omsyn til teieplikta kommenter UD ikkje kjønn eller alder på personen som døydde.

Dei vil heller ikkje seia noko om kvar den omkomne er frå.

Forsøkte livreddande hjelp

NRK har vore i kontakt med det lokale politiet i delstaten Vorarlberg.

Politiet bekreftar i ei pressemelding at personen som døydde var 43 år.

Skredet gjekk i Knödelkopf-fjellet fredag ettermiddag.

Ifølgje politiet var dei ei gruppe på fire som tok seg opp ein bratt skråning på rundt 40 grader. Ein skiguide var blant personane i gruppa.

Skredet skal ha skjedd i skistaden Albona i Klösterle. Det ligg i delstaten Vorarlberg.

Nordmannen blei tatt av skredet. Ifølgje politiet hadde nordmannen på seg ein skredballong som blei utløyst.

Ifølgje politiet blei personen raskt graven ut av skredet av andre i turfølget. Dei forsøkte saman med redningsarbeidarar som kom med helikopter å gi livreddande førstehjelp.

Austerrikske myndigheiter varslar at skredfaren i området er rekna til farenivå tre av fem.

Fleire snøras i Austerrike

Det har vore fleire skred i Austerrike dei siste dagane.

Fredag døydde fem menneske, blant dei fire svenskar i eit snøskred i Spiss i den austerrikske delstaten Tirol. Denne delstaten grensar til Vorarlberg der nordmannen blei tatt av snøskred.

Les også Fleire omkomne etter snøskred i Austerrike

Snøskred. Spiss. Østerrike

Etter snøskredet i Spiss, blei ein svensk statsborgar frakta til sjukehus i Sveits. Det var denne personen som varsla om skredet.

Den femte omkomne skal vera eit austerriksk skiguide.

Eit anna skred, ved Sölden litt lenger aust i regionen tok også med seg fem skiløparar. Desse kom seg ut i live.

AKTUELT NÅ