NRK Meny
Normal

Norsk 18-åring terrorsikta - pågripen på veg til Syria

Ein norsk 18-åring er pågripen på ein flyplass i Sverige, sikta for å ville slutta seg til terrorgruppa IS i Syria. Mannen skal etter det NRK forstår ha hatt kontakt med sentrale islamistar i austlandsområdet.

IS-krigere i Raqqa i Syria

Den 18 år gamle nordmannen som måndag blei pågripen på flyplassen i Göteborg, var ifølgje PST på veg til Syria for å slutta seg til terrorgruppa IS.

Foto: Uncredited / Ap

– Med bistand frå svensk politi har PST arrestert ein 18 år gamal nordmann i Göteborg, opplyser seniorrådgjevar i PST Martin Bernsen til NRK.

PST har mistanke om at mannen var på veg til Syria for å slutta seg til terrororganisasjonen IS. Han blei difor pågripen på flyplassen i Göteborg klokka 06.50 måndag morgon.

Forsvarar: – Forstå ikkje kvifor han blei arrestert

Mannen er etnisk norsk og skal vera busett i Oslo. Han er sikta for brot på Straffelova §147d, ved å ha forsøkt å slutta seg til terrororganisasjonen IS.

Dei fleste som reiser til Syria er ifølgje PST i 20-åra.

– Den unge alderen er ein del av vurderinga for at me valde å pågripa han før han reiste, seier Bernsen.

18-åringen er no i Noreg og blir framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett i morgon.

Forsvararen hans, John Christian Elden, seier til NRK at klienten stiller seg uforståande til skuldingane.

– Han nektar for å ha hatt planar om å slutta seg til terroristar og forstår ikkje kvifor han blei arrestert i Göteborg, seier Elden.

Etter det NRK forstår skal 18-åringen ha hatt kontakt med sentrale islamistar i austlandsområdet.

– Dette er ein 18 år gamal norsk gut som ikkje tidlegare har hatt kontakt med politiet. Kven han kjenner og kvar han var på veg til, får vera ein del av etterforskinga, seier Elden som ikkje vil svara på om den sikta har konvertert til islam.

Med fengsel inntil 6 år straffes den som danner, deltar i, rekrutterer medlemmer eller yter økonomisk eller annen materiell støtte til en terrororganisasjon, når organisasjonen har tatt skritt for å realisere formålet med ulovlige midler.

Straffelova §147 d

70 har reist frå Noreg til Syria

Benedicte Bjørnland

Ifølgje PST-sjef Benedicte Bjørnland har om lag 70 personar reist frå Noreg til Syria for å kriga med IS eller liknande grupper.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

PST-sjef Benedicte Bjørnland sa i mars i år at av dei om lag 70 personane som har reist frå Noreg til Syria for å slutta seg til IS eller liknande grupper, er rundt 15 drepne. 25 framandkrigarar har returnert til Noreg.

I mai i år blei tre menn dømde til fengsel i Oslo tingrett for tilknyting til ekstremistgruppa IS i Syria. Det var første gongen at ein norsk domstol handsama ei sak der norske statsborgarar var tiltalte for deltaking i kamphandlingar for IS i Syria.

Saka blir oppdatert.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger