NRK Meny
Normal

Norge og Sverige i heftig reinsdyrkrangel

Reinsdyr som kryssar grensa frå Sverige til Norge skapar konflikt mellom den norske og svenske landbruksministeren. – Svenskane kan takke seg sjølv, seier Dale.

Muntlig spørretime i Stortinget onsdag.

REINKONFLIKT: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil setje ei grense på talet på svensk rein på norsk jord for å verne om beitemoglegheitene til den norske reindrifta.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Landbruksminister Jon Georg Dale frå Frp bryt no forsøket på å inngå ein avtale om reinbeite mellom Norge og Sverige og startar arbeidet for å finne ein lovheimel som kan setje ei grense på talet på rein som kryssar grensa frå Sverige.

Det kjem fram av eit brev landbruksministeren har sendt til svenske myndigheiter.

– Utfordringa er at talet på svensk rein på norske beiter er i vekst, medan vi på norsk side må regulere reindrifta fordi vi ikkje har eit godt nok beitegrunnlag, seier han.

Reinsdyr

BEITERETT: Norske og svenske reinflokkar har i sesongar beita på både norsk og svensk jord, no vil landbruksministeren setje ei grense på talet på svensk rein på norsk jord.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Retten norske og svenske samar har hatt til å søkje beite for sine reinflokkar også i nabolandet, har eksistert i fleire hundre år. Den førre avtalen vart signert i 1972, men gjekk ut i 2005.

Dermed forvaltar norske og svenske myndigheiter regelverket på to ulike måtar. Dette har over lengre tid ført til stor konflikt og høg temperatur i området.

Svenske myndigheiter har ikkje gått med på ei foreslått forlenging av avtalen, men bedt om å halde fram med forhandlingar. Dale hevdar svenskane bevisst har seinka prosessen.

– Det luktar trenering av det som skulle vere ein naturleg politisk prosess.

Han legg ikkje tvil på at han er skuffa over svenskane.

– Det er Sverige sjølv som har ansvaret for at vi har hamna i denne situasjonen, seier han.

Slår tilbake mot Dale

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå den svenske landbruksministeren Sven-Erik Bucht, men presidenten for det svenske sametinget går langt i sin kritikk mot Dale.

Svensk sametingspresident Per Olof Nutti

URO: – Politikarane må ta konsekvensane av den treige prosessen, seier det svenske sametinget sin president Per Olof Nutti.

Foto: Lars-Ola Marakatt / SR Sameradion & SVT Sápmi

– Det vekkjer ei uro over kor lite kunnskap norske politikarar har over svenske samar sine rettar på norsk side. Han har tydelegvis ikkje bakgrunnen til å forstå dette, seier Per Olof Nutti.

At arbeidet med ein ny konvensjon har tatt 20 år utan at ein har klart å kome til einigheit meiner han politikarane må ta på si eiga kappe.

– Det har tatt alt for lang tid, men då får dei ta konsekvensane. Vi har bidrege med ei samisk arbeidsgruppe som har løfta og kome med forslag i denne prosessen, seier han.

Forstår landbruksministeren sin reaksjon

Leiar for Norske Reindriftsamers Landsforbund har derimot ei anna forståing av den norske landbruksministeren sin reaksjon mot svenske myndigheiter.

Ellinor Marita Jåma

FORSTÅR: Ellinor Marita Jåma, leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund forstår reaksjonane frå Dale.

Foto: Even Langmo

– Det er to land som forheld seg til ulike lover. På norsk side har vi vore oppteken av å ta omsyn til økologisk berekraft, derfor kan eg forstå pålegget han har kome med, seier Ellinor Marita Jåma i NRL.

Ho meiner det er sterkt beklageleg at ein har brukt så mykje tid utan å kome til einigheit om ein ny avtale.

– Det er ansvarsfråskrivelse. Ei svært dårleg handtering av ei viktig sak. Når dei to landa ikkje kan kome til einigheit er det reindrifta som er den store taparen, seier ho.

Ho ber no om at arbeidet med å få på plass ein ny avtale held fram og vil etterlyse ei grunngjeving frå den svenske landbruksministeren. Samtidig er ho oppteken av at landbruksministrane i begge land lyttar til anbefalingane frå den samiske arbeidsgruppa som har drøfta konvensjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger