Norsk utdanning dårlegast i Skandinavia

På ein indeks av skulesystema i 39 utvalde land, kjem Norge heilt nede på 26. plass. – Me må heve statusen til læraryrket, seier postdoktor Ole Kristian Bergem.

Illustrasjon

Den norske skulen gjer det dårleg i internasjonale rankingar.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Ole Kristian Bergem

Ole Kristian Bergem, postdoktor, Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

«Economist Intelligence Unit» har målt 39 land og ein region (Hong Kong), og rangert dei på «Den globale indeksen for kognitive evner og realisering av utdanning» for utdanningsselskapet Pearson.

Målinga ser på heile utdanningssystemet til dei ulike landa, heilt opp til universitet- og høgskuleutdanning.

Indikatorane i rankinga er mellom anna standardiserte prøvar som PISA, TIMSS og PIRLS i lesing, matematikk og naturfag. Samt tal på lesekunnige og kor mange som fullfører forskjellige typar utdanning.

På fyrste plass tronar Finland, fylgt av asiatiske land som Sør Korea, Hong Kong, Japan og Singapore.

Me må heilt ned til 26. plass på lista for å finne Norge.

Skal lære av kvarandre

Indeksen er ein del av prosjektet «The Learning Curve», der målet er å analysere forskjellige skulesystem i verda, slik at alle kan lære av dei landa som gjer det bra.

Sjølv om Finland og Sør-Korea er ulike på mange måtar, er det stor respekt for læraryrket og utdanning i landa, og ei felles tru på at utdanning er viktig og ei moralsk oppgåve, seier rapporten.

Men elles er det få klåre årsak-verknad-samanhengar som er funne. Det er til dømes ikkje slik at mest mogleg ressursar fører til best resultat.

Ekspertane samanliknar skulesystem med ein «svart boks». Det vil seie at prosessane inne i «boksen», som fører til resultata, er skjulte.

Ein veit ikkje heilt kva ein skal putte i «boksen» for å få dei resultata ein ynskjer seg.

– Ikkje noko nytt

Ole Kristian Bergem er postdoktor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo.

Han er ikkje overraska over plasseringa på rankinga.

– Det er ikkje overraskande at me hamnar langt nede om det er PISA og TIMSS som er lagt til grunn i rankinga. Me veit at Norge har gjort det forholdsvis dårleg på desse prøvane, seier han.

Men det ser ikkje heilsvart ut for Norge. Me har mange gode kvalitetar i skulesystemet som ikkje blir vekta i denne samanlikninga, meiner han.

– Resultata på slike rankingar avheng av kva ein vektar. Hadde ein til dømes også lagt vekt på engelskkunnskapar eller demokratiforståing, så trur eg me hadde kome betre ut, seier Bergem.

– Det betyr ikkje at me ikkje bør jobbe mot å bli betre i matematikk og naturfag, men det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. TIMSS og PISA måler ting som er viktig, men dei måler ikkje alt som er viktig, seier han.

(Saka held fram)

lærerlønn

Forholdet mellom den gjennomsnittlege lærarløna og løn i samfunnet elles. Lærarar i Norge kjem dårleg ut. Kjelde: Economist Intelligence Unit og OECD.

Foto: Pearson.com

– Må heve løna til lærarane

Grafen over syner at Norge ikkje kjem så godt ut når det gjeld løna til lærarar i forhold til resten av yrkesgruppene i samfunnet.

– Det er klart at løna til lærarane er viktig for statusen til yrket, og det viser seg at me ikkje løner lærarane våre godt nok, seier Bergem.

Men høgare lærarløn er ikkje nødvendigvis einaste måten å heva læraryrket på. Fagleg fordjuping er også viktig, meiner Bergem.

– TIMSS dokumenterer at Norge ligg under gjennomsnittet internasjonalt når det gjeld lærarane sin faglege fordjuping i naturfag og matematikk, seier han.

– For å få opp statusen til yrket er det viktig å satse på utdanninga. Finland har masterutdanning for lærarar og det er noko også me i Norge bør satse på å få til, seier Bergem.

Det som er sikkert er at det ikkje er siste gong det kjem ei ranking av skulesystem i verda. Bergem meiner me må jobbe for å bli betre, men heller ikkje gløyme at me også er gode.

– Me er til dømes gode på demokratiforståing. Det er inga unnskyldning for å vere dårleg i matematikk, men det er ikkje slik at me ikkje er gode i noko, seier Bergem.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger