Hopp til innhold

Noregs lengste veke

Det er éi veke sidan terrorangrepa mot Oslo og Utøya rysta Noreg. Dette er veka vi aldri vil gløyme.

Oslo sørger

22. juli 2011 ramma terroren Noreg. I løpet av den lange veka etterpå har blomsterhavet utanfor Oslo domkirke vakse og vakse.

Foto: Henrik Lied / NRK

– Det kjennest som ei æve. Dagar, netter, fylt av sjokk, fortviling, sinne og gråt, sa Jens Stoltenberg i ei tale i Oslo domkirke to dagar etter terrorangrepa mot Oslo og Utøya.

Sitatet set ord på den siste veka. Noreg har samla seg i landesorg, med rosemarkeringar, flagg på halv stang og stille. Auge frå heile verda har følgt med oss medan vi prøver å fatte omfanget av den verste ugjerninga i landet sidan den andre verdskrigen.

Samtidig har fakta rundt hendingsutviklinga fredag 22. juli 2011 kome fram, ettersom rettsprosessen til den terrorsikta Anders Behring Breivik kom i gang og overlevande fortalte om kva dei opplevde.

Denne veka går inn i historia.

NRK
Foto: Skjermdump/nrk.no

(Klokkeslett i denne saka er basert på offisielle kjelder og er cirkatal)

Fredag 22. juli 2011: Oslo sentrum

eksplosjon oslo

Kaos: Slik såg det ut i Oslo sentrum rett etter bomba gjekk av.

Foto: Bjørn Richard Watne
bombe oslo

Slik såg regjeringsbygget ut etter eksplosjonen fredag.

Foto: Henrik Lied/NRK
  • 15.22 går det av ei bombe plassert i ein bil ved Regjeringskvartalet i Oslo sentrum, ifølgje NTB. Dei set dette tidspunktet fordi dei har loggført det. Bilen skal ha stått i Oslo i to døgn før eksplosjonen, ifølgje Teknisk Ukeblad. Heile første etasje i hovudbygget blir blåst ut i eksplosjonen. Det bryt ut brann både i Statsministerens kontor og Olje -og energidepartementet. Vindu langt unna blir knust og eksplosjonen merkast heilt ut til Nesodden.
  • 15.25 registrerer NORSARs seismiske stasjonar i Hedmark eksplosjonen. Dei opererer altså med eit anna tidspunkt enn NTB.
  • 15.26: Politiet i Oslo får varsel om eksplosjonen.
  • 15.30: Første melding frå NRK: TERRORAKSJON I OSLO: Politiet bekrefter 7 døde
  • 15.31: Masseutrykking i Oslo sentrum. Politiet sperrar av store delar av sentrum av frykt for nye eksplosjonar og oppfordrar folk til å halde seg unna sentrumsnære områder. Det blir meldt om fleire skadde og drepne.
  • 15.50: NTB får stadfesta at statsminister Jens Stoltenberg ikkje er ramma i angrepet og skal vere i sikkerheit.
  • 17.00: Politiet stadfestar at eksplosjonen i Regjeringskvartalet er ei bombe.
  • 19.30: Politiet stadfestar at det er 7 døde og 15 skadde etter eksplosjonen.

Les: Overlevande fortel om eksplosjonen

Sjå: Dagsrevyen 22.07.2011

Utøya-massakren

Ikkje før røyken har lagt seg i Oslo sentrum startar skytinga på Utøya. Der er mange hundre ungdommar på AUFs årlege sommarleir. Berre timar før har Gro Harlem Brundtland stått på talarstolen.

Gjerningsmann Utøya

Gjerningsmannen var kledd i politiuniform. Bileta er tatt frå helikopter over Utøya.

Foto: Marius Arnesen / NRK
Svømmer for livet fra Utøya

Ungdommar symjer for livet frå Utøya.

Foto: Marius Arnesen/NRK
Bilde av av lys og blomster - Utøya i bakgrunnen.

Folk har lagt ned blomster og tent lys, med Utøya i bakgrunnen.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp
Overlevende etter Utøya-massakren

Overlevande får klem etter å ha kome i land frå Utøya.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp
Prableen Kaur

Prableen Kaur overlevde Utøya-angrepet.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen / NRK
Eskil Pedersen

AUF-leiar Eskil Pedersen blir intervjua av pressa.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix
  • 16.40: Ein mann i politiuniform – Anders Behring Breivik – parkerar ein sivil bil på fastlandet ved Utøya.
  • 16.57: Kapteinen på MS Thorbjørn får beskjed om at ein politimann ønskjer skyss til Utøya.
  • 17.24: AMK får første melding frå Utøya om skyting, ifølgje sjukehuslogg. Første ambulanse blir sendt frå Ringerrike sjukehus.
  • 17.26: Politiet i Buskerud får melding om skyting på Utøya.
  • 17.30: Operasjonssentralen i Oslo politidistrikt mottar melding.
  • 17.33: Første ambulanse på plass ved Sundvollen der dei blir stoppa av politiet i påvente av at kaia blir klarert av politiet.
  • 17.52: Første politipatrulje kjem til området - dei må vente på eigna båt.
  • 17.54: Meldingane tikkar inn på sosiale media: «En mann som skyter ikledd politiuniform. Hjelp oss ift når politiet kommer». «Alle med båt i nærheten av Utøya. Dra og hent svømmende ungdommer som rømmer fra øya! Spre ordet!»
  • 17.56: NRK.no publiserer si første sak om skytinga: - Skudd løsnet på Utøya
  • 17.57: Første ambulanse er ved kaia på Utvika.
  • 18.05: Politiet ber ambulansane om å trekkje seg tilbake nokon hundre meter på grunn av skotveksling.
  • 18.09: Beredskapstroppen frå Oslo kjem til fastlandet.
  • 18.25: Beredskapstroppen går i land på Utøya.
  • 18.27: Gjerningsmannen blir pågripen. Politiet er eit tiandedels sekund frå å skyte Behring Breivik, då det ser ut som han har sprengstoff på seg.
  • 18.50: Startar evakueringa av pasientar på kaia i Utvika.
  • 19.20. Ambulansepersonell kjem til Utøya.
  • 21.30: Nordre Buskerud politidistrikt melder at ti personar er drepne på Utøya.
  • 22.40: Politiet finn ein bil på Utøya som inneheld eksplosivar. Dei stadfestar at det er grunn til å sjå samanheng mellom bomba i Oslo sentrum og Utøya-angrepet.
  • 22.45: Justisminister Knut Storberget stadfestar at gjerningsmannen er norsk.

I ettertid har overlevande fortalt korleis dei opplevde angrepet på Utøya. Dei hjerteskjerande skildringane er mange. Ungdommar såg venane sine bli skotne ned rett framfor dei av ein mann dei først trudde var politi.

– Eg ringte mamma og sa at det ikkje var sikkert vi ville møtast igjen, men at eg skulle gjere alt for å klare meg. Eg sa fleire gongar at eg elska henne. Eg høyrde frykta i stemma hennar, har nestleiar i Oslo AUF, Prableen Kaur, som spelte død i over ein time, fortalt.

Les: Spelte død i over ein time

I fleire timar låg Helene Kaltenborn frå Stamsund (20) i skjul medan ho høyrde skotsalvene forflytte seg rundt henne.
– Vi bytta skjulestad etter kvart som vi høyrde skota kome frå ulike retningar, sa ho.

Les: Gøymde seg i fjellsprekk

Fleire fortalte at det såg ut som om gjerningsmannen, Anders Behring Breivik, koste seg medan han roleg skaut alt som rørte på seg.

– Det såg ut som om han var der og hadde det moro. Vi hadde ingenting å stille opp med, sa Magnus Stenseth, leiar i Hedmark AUF.

Fleire av ungdommane byrja å symje bort frå øya og vart redda av feriegjestar og andre som kom ut med båt. Norsk Folkehjelp redda meir enn 40 ungdommar:

Video Reddet mer enn 40 ungdommer

Høyr historiene: Redda meir enn 40 ungdommar.

Om ein mann kan vise så mykje hat, tenk så mykje kjærleik vi alle kan vise saman.

Stine Renate Håheim til CNN
Oslo sørger
Foto: Henrik Lied / NRK

Laurdag 23. juli:

Sverre Magnus og Ingrid Alexandra

Sverre Magnus og Ingrid Alexandra la ned blomster til minne om dei døde.

Foto: Vegard Grøtt / Afp
Anders Behring Breivik

Fleire detaljar om gjerningsmannen Anders Behring Breivik kom fram i løpet av veka.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Noreg vaknar opp til den utenkjelege beskjeden: Talet på døde etter Utøya-massakren er 84. Kvelden før har politiet meldt om ti omkomne. I Oslo kan ein høyre sirener, helikopter og torden. Omfanget av angrepa, samt fleire detaljar om gjerningsmannen, byrjar å kome fram i lyset.

Det blir kjent at Anders Behring Breivik sendte ut eit ideologisk manifest fredag klokka 14.20. Det vart sendt til over 1000 mottakarar, fleire europeiske politikarar, samt Mette Hanekamhaug og Jan Simonsen.

Sjå Kongen tale: – Handlingane som blei utført på Utøya og i Oslo sentrum er eit angrep på det samfunnet som vi set så høgt og eit angrep på kjernen av det norske demokrati:

Video Kongens tale

Kongens tale.

Søndag 24. juli:

Sørging i heile landet med minnegudstenester. Blomsterhavet utanfor Oslo domkirke veks, samtidig som folk legg ned blomster over heile byen og landet.

  • 11.00: Gudsteneste i Oslo domkirke. Kongefamilien og representantar for det offisielle Noreg er til stade. Statsministeren held ein tale der han nemner to av dei døde med namn: AUF Hordaland-leiar Tore Eikeland og Monica Bøsei, mangeårig leiar for ungdomsleiren. I kyrkja er det høglytt hiksting. Dei syng «Til ungdommen», songen av Nordahl Grieg som nærmast blir ein nasjonal sørgesalme dei neste dagane.
  • 15.00: Kongeparet besøker Ullevål sjukehus.
  • 16.30: Kongeparet blir vist øydeleggingane i Regjeringskvartalet.
  • Det kjem fram at Anders Behring Breivik hadde planlagt terroren i ni år. Han skildrar i terror-dokumentet sitt i detalj korleis han førebudde angrepet og bomba.

«Til ungdommen» i Oslo domkirke:

Video Minnegudstjenesten: "Til ungdommen" av Nordahl Grieg

Kongen og dronninga gret av song i domkyrkja.

– Kvar og ein av dei som har gått bort er ei tragedie. Til saman utgjer tapet ei nasjonal tragedie. Sjå talen til Jens Stoltenberg:

Video Tydelig preget Stoltenberg med personlig tale

Tydeleg prega Stoltenberg med personleg tale.

Måndag 25. juli:

Gro Harlem Brundtland

Gro Harlem Brundtland under rosemarkeringa i Oslo.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix
Rosemarkering Oslo

Rosemarkering i Oslo.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: troen på livet vårt, menneskets verd.

Nordahl Grieg

Sjå appellen til kronprins Haakon:

Kronprins Haakons appell

Kronprinsen talar i rosetog mot terror.

Sjå talen til AUF-leiar Eskil Pedersen:

Video AUF-leder Eskil Pedersen

AUF-leiar Eskil Pedersen.

Tysdag 26. juli:

Sorg etter terrorangrep, utvika camping søndag

Ungdommar ser ut mot Utøya.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix
Letemannskapene samles i leiren på Utøya

Leitemannskapa samlast i leiren på Utøya.

Foto: Meek, Tore / Scanpix
Blomster

Blomster og lys utanfor Oslo domkirke.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Onsdag 27. juli:

Torsdag 28. juli:

Vi skal tilbake til Utøya.

AUF-leiar Eskil Pedersen
Fakkeltoget i Molde 9
Foto: Joachim Constantin Høyer / NRK
Legger ned blomster ved Utøya (siluett), onsdag 27. juli 2011
Foto: Kim Erlandsen / NRK
Stortinget
Foto: Kim Erlandsen / NRK
Rose Utøya
Foto: Kim Erlandsen / NRK

(Alle foto: Kim Erlandsen/NRK)

AKTUELT NÅ