NRK Meny
Normal

Noregs eldste sko funnen

Den eldste skoen her i landet er funnen. Den er 3500 år gammal. Det oppsiktsvekkjande funnet kan gje oss ny kunnskap om klimautviklinga her i landet.

Noregs eldste sko
Foto: NRK

Det var i fjor haust ein privatperson fann skoen under ein fjelltur til Kvitingskjølen (ca 2000 moh.) heilt nord i Jotunheimen, søraust for Lom i Oppland.

Skoen dukka opp som følgje av at isbreen i fjellet hadde trekt seg tilbake. Også fleire andre funn frå tidleg bronselder er gjort i dette området.

-  Heilt unikt

Arkeologane trudde først at skoen var om lag 1000 år. Men etter grundig analyse, er alderen no fastslått. Det viser seg at skoen er langt eldre.

- Skoen er 3500 år, det er Noregs eldste sko, seier fylkesarkeolog Espen Finstad i Oppland fylkeskommune. Skoen er laga av ugarva lær, den er 25 centimeter lang og i storleik 39.

- Dette funnet er heilt unikt, seier Finstad. Baksaumen på hælen er svært godt bevart, og vi ser spor som viser at det har vore snøring tvers over skoen.

Tverrfagleg forsking

- Skoen må ha lege konstant i isen heile tida, og under den kraftige smeltinga i fjor haust kom skoen for dagen for første gong, seier Finstad. Dette er den eldste gjenstanden, knytt til menneskeleg aktivitet, som er funnen under is her i landet.

- Dette får oss til å tenkje på kor fort nedsmeltinga skjer no, seier professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo, Brit Solli. Funnet gjev oss viktig informasjon om heilt lokale klimavariasjonar her i landet. No kan vi, som arkeologar og kulturhistorikarar, samarbeide med klimaforskarane, og få eit heilt nytt bilete av klimaendringane i høgfjellet.

 

Fylkesarkeolog Espen Finstad
Foto: NRK

No skal Oppland fylkeskommune, Kulturhistorisk museum og Bjerknessenteret i Bergen starte eit samarbeid der arkeologar og klimaforskarar gå i tospann for å finne ut kva ein kan hente ut av ny kunnskal frå både dette funnet, og andre funn som blir gjort som følgje av at isbreane smeltar.

Ver OBS på fjelltur

- Det vi som bre- og klimaforskarar kan bruke dette til, er å slå fast at det ikkje har vore så små brear i Jotunheimen sidan den skoen kom inn i isen for nærare 3500 år sidan. Dette er svært interessant, seier bre- og klimaforskar Atle Nesje på Bjerknessenteret.

For folk som ferdast i fjellet, er det viktig å vere observant, seier Brit Solli. Ho oppfordrar folk til å ta bilete av ting dei finn, og å varsle fylkesarkeologen. - La gjenstande liggje, slik at dei ikkje blir øydelagde, seier Solli. -Dette er eit unikt datamateriale som er nyttig for fleire typar forsking.

Snart kan publikum få sjå den eldgamle skoen på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger