Sjølv om sommarferien er over for mange, er det framleis gode badetemperaturar fleire stader.
Noregs Dykkeforbund ber foreldre som kjøper snorkel til barna sine om å vere forsiktige, og åtvarar om at det finst snorklar som blir marknadsført til altfor unge barn.
DSB: – Aldersmerking ned til 3 år er problematisk
– Det er problematisk at dei aller minste bruker snorkel. Det bør dei ikkje gjere. Det er heilt i tråd med det resten av fagekspertisen også seier.
Det fortel Sverre Limtun i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Han er utgreiingsleiar for produkttryggleik.
Limtun seier det er eit produsentansvar å gjere vurderinga av kven som er anbefalt å bruka produktet.
Dei fleste pakkeprodukta har aldersmerking, og nokre er merkt heilt ned til barn på 3 år.
– Det er problematisk. Det må vi sjå litt nærare på. Korleis har dei klart å kome fram til at utstyret er trygt å bruke av 3-åringar, når ein elles er så tydeleg på at det ikkje skal brukast av barn under 7 år? spør han.
Han seier at DSB no vil sjå nærare på dette.
– Vi bør intensivere arbeidet litt for å unngå at dei alvorlege ulukkene skjer. Barn er ei sårbar gruppe, fastslår Limtun.
Oppgir lågare alder enn anbefalt
Blant nettbutikkar som tilbyr snorkelutstyr til unge barn, er danske Lekeakademiet, som også leverer til Noreg.
Etter at NRK tok kontakt, vel dei no å fjerne snorkelutstyret sitt frå nettsida.
Stephanie Payer-Lemming i Lekeakademiet seier dei skal vurdere om dei i det heile tatt skal selje denne typen produkt til barn under 7 år.
– Det er ingen forhandlarar som er interesserte i å selje produkt til barn som ikkje er trygge, seier Payer-Lemming.
Ho seier at det er den utanlandske produsenten sin anbefalte alder som blir oppgitt.
Simen Wilberg hos nettbutikken Frivannsliv seier at merking på pakkeprodukta ofte gjeld størrelsen på maska, og at ein difor kan misforstå kven snorkelen er til.
– Det er grunnen til at vi gjør jobben med ekstra tekst på aktuelle produkt, følgebrev med sendingar og gratis kursing på nett, seier Wilberg.
– Teksten kan vi sjølvsagt løfte enda tydelegare fram, seier Wilberg.
Nettbutikken Fjellsport seier at dei ikkje var kjende med at barn ikkje bør bruke snorkel når dei er under 7 år.
– Men når vi nå har blitt gjort merksame på dette, vil vi ikkje kjøpe inn dette produktet i framtida, seier Rachel Sande Jacobsen i Fjellsport.
NRK har forsøkt å kontakte produsentane direkte, utan å nå fram.
Viktig å puste ekstra djupt
Noregs Dykkeforbund (NDF) anbefaler ikkje fridykking for barn under 7 år.
– Frå 7 år kan barn under direkte tilsyn av foreldre bruke snorkel rekna for barn, seier Gunnar Midtgaard i Noregs Dykkeforbund.
Han fortel at det finst snorklar tilpassa eit lågare volum. Snorkelen for barn har 1 til 1,2 dl volum og er maksimalt 30 cm lang for å hindre at den same lufta blir pusta inn og ut.
Barn og unge over 50 kilo kan nytte vaksensnorkel. Det er viktig at dei veit at ein skal puste ekstra djupt for å hindre CO₂-forgifting, skriv Dykking.no.
Medvitslaus etter snorkling
Oslo brann- og redningsetat har i sommar gått ut med ei åtvaring på Facebook.
Der skriv dei at mange ikkje er klar over faren ved bruk av snorkel i vatnet.
Årsaka til at dei gjekk ut med denne åtvaringa på Facebook, var ei ulukke i Frysja i Oslo i sommar, der eit barn vart medvitslaus etter snorkling.
– Legg vekk telefonar
Midtgaard i dykkeforbundet understrekar at det er viktig at vaksne passar veldig godt på barna.
– Legg vekk mobiltelefonar og følg med på barna når dei er ute i vatnet, oppfordrar redningsdykkarleiar Marius Kirkenes i Oslo brann- og redningsetat.
– At foreldre er i vatnet og testar snorkelen saman med barna er sjølvsagt best, seier Midtgaard i Noregs Dykkeforbund.