Noregs Bank kuttar renta

Styringsrenta har aldri vore så låg i sentralbanken si over 200 år lange historie. Økonomiprofessor meiner bankane må følgje sentralbanken sitt eksempel.

Rentebeslutning og Pengepolitisk rapport fra Norges Bank

KUTTER RENTA: Noregs Bank og sentralbanksjef Øystein Olsen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Noregs Bank reduserer styringsrenta med 0,75 prosentpoeng til 0,25 prosent. Det følgjer etter at Noregs Bank for ei veke sidan reduserte styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1 prosent.

Rentekuttet svarar til tre normale kutt frå sentralbanken.

Dette er det lågaste nivået på styringsrenta nokon gong i den norske sentralbanken si meir enn 200 år lange historie. Førre botn var 0,5 prosent.

Danske Bank opplyser til NRK at dei justerer renta for kundane sine frå 15. april.

– Vi ser til ein kvar tid på korleis vi kan hjelpe kundane våre på best mogleg måte, seier pressesjef i Danske Bank i Noreg, Øystein Andre Schmidt,

Nordea ønskjer ikkje å kommentere framtidige endringar i dag.

– Vi gjer fortløpande vurderingar av våre prisar, men eg kan ikkje seie noko om framtidige endringar som følgje av konkurranselova, seier Christian Steffensen, som er kommunikasjonsdirektør i Nordea.

NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker forklarer rentekuttene.

NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker forklarer rentekutta.

Bankane kan senke renta meir eller mindre med det same, så lenge det ikkje er ugunstig for kundane, opplyser kommunikasjonsdirektør i Finans Noreg, Tom Staavi.

Olsen: Bankane er og påverka

Sentralbanksjef Øystein Olsen seier til NRK at det må vere opp til bankane sjølve kva dei gjer.

– No har bustadlånsrentene gått ned etter det første rentekuttet førre fredag, og vi legg til grunn at dette rentekuttet vil få gjennomslag i bankrenter. Men kor langt, er opp til bankane sjølve.

Sentralbanksjef Øystein Olsen

SJÅ VIDEO: Sentralbanksjef Øystein Olsen om rentekuttet.

– Bankane er og påverka av den uroa som i sterk grad pregar finansieringsmarknadane. Det er avgjerande for kor langt bankane kan gå i si rentesetting, seier Olsen til NRK.

Meiner bankane må vise samfunnsansvar

Ragnar Torvik, som er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, seier at det er viktig at bankane følgjer etter Noregs Bank og gjev kundane lågare renter.

Viss ikkje får ikkje rentekutt effekten det er tenkt å ha.

– Det er viktig at bankane viser eit samfunnsansvar. Mange bedrifter og bankkundar er i ei likviditetskrise, og då blir dei veldig hardt ramma av renta når inntektene falle. Å hjelpe desse er intensjonen med rentekutta frå Noregs Bank, seier Torvik.

Ragnar Torvik er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU i Trondheim.

– VIS SAMFUNNSANSVAR: Det seier Ragnar Torvik, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU.

Foto: Therese Lee Støver / NTNU

Etter at Noregs Bank kutta renta med 0,5 prosentpoeng fredag 13. mars, har dei fleste bankane denne veka følgt etter med eit rentekutt på 0,35 prosentpoeng. Men kutta til kundane trer først i kraft om litt under ein månad.

– For bankane er det ein viss symmetri, der dei må varsle rentehevingar ein månad før. Då er det naturleg at dei gjer det same når renta skal ned, sjølv om dei kan setje renta ned med ein gong, seier Torvik.

Finansforbundet: – Kutt renta så raskt som råd

– Vi meiner at kundane no må få heile rentesenkinga ut til kundane med ein gong, og så snart som det er praktisk mogleg, seier Forbundsleiar Vigdis Mathisen i Finansforbundet til NRK.

  • Finansforbundet er den største fagforeininga i finanssektoren.
  • Dei representerer over 32.000 medlemmar frå 300 bedrifter

Utspelet er retta mot renta mot hushaldningar og ikkje renta for bedrifter.

– Dette hastar for alle som har mista jobbane sine og er permitterte. Kvar dag les vi no om folk som har problem med å betale rekningane sine, og da må dei få kunne få nytte av dei nye og senke rentene så fort som mogleg, grunngir Mathisen.

Slik har styringsrenta forandra seg:

Sentralbanksjef Olsen seier rentesettinga åleine ikkje kan stogge det kraftige tilbakeslaget i norsk økonomi.

– Men me kan bidra til å dempe nokre av utslaga. Spesielt vil me kunne gjere det lettare for hushaldningar og for føretak som har gjeld slik at dei kan handtere gjelda i ei veldig vanskeleg tid, seier han.

Olsen seier at det kan bli aktuelt å kutte ytterlegare.

– No har me sett ned renta veldig markant i løpet av ei veke. Me utelukkar ikkje ytterlegare rentenedsettingar dersom situasjonen tilseier det og dersom me finn det hensiktsmessig ut frå oppgåvene og ansvaret vårt, seier han.

Etterlyser eitt prosentpoeng

Sjølv om bankane set renta ned med 1,25 prosentpoeng, betyr det ikkje at bankane kuttar like mykje.

Bankane låner nemleg ikkje pengar direkte av Noregs Bank, men gjennom ein eigen rentemarknad.

Når det er usikre tider i verdsøkonomien, blir bankane nervøse for å låne pengar av kvarandre sidan den andre parten kan vere «ròten».

Den auka risikoen gjer då at renta stig, sidan dei som låner ut pengane tar seg ekstra betalt. No kan bankane derimot hente pengar direkte frå Noregs Bank til styringsrenta gjennom såkalla F-lån.

– Det betyr at rentepåslaget mellom bankane ikkje har så mykje å seie. Når Noregs Bank gir desse låna seier dei jo eksplisitt at det er for at styringsrenta skal få større gjennomslag, seier Torvik.

Han meiner derfor at det er naturleg at bankane no set ned utlånsrenta med eitt prosentpoeng.

– Noregs Bank bruker mykje av krutet dei har igjen

– Det er eit stort rentekutt. Vi har hatt det før, men no er det slik at vi har mykje mindre ammunisjon på lager, så no bruker Noregs Bank mykje av det krutet dei har igjen ved å rykke renta enno vidare ned mot 0,25 prosent, som er ny rekordlåg notering, samstundes signaliserer dei at renta kan bli sat ned ytterlegare, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets

Kjersti Haugland

MEINER NOREGS BANK GÅR HARDT TIL VERKS: Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

– Kan vi kome til å sjå negative renter i Noreg?

– Noregs Bank har tidlegare sagt at dei ikkje ser på null som den nedste grensa for renta, dei peika då på erfaringar frå andre land kor ei viss negativ rente kan ha positiv påverknad på økonomien, men sentralbanksjefen spesifiserte då at renta ikkje ville vere i negativt territorium over ein særleg lang periode, svarar Haugland.

Ho understrekar at det er heilt nødvendig å kutte renta så mykje som Noregs Bank no har gjort.

– Norsk økonomi er treft av eit veldig kraftig sjokk og då er det naturleg at Noregs Bank reagerer kontant og rullar ut all ammunisjonen dei har på lager for å kontre dei negative effektane av stenginga vi er vitne til no, seier ho.

Slik har hovudindeksen svinga dei siste åra:

Oslo Børs opnar kraftig opp

Oslo Børs opna kraftig opp etter Noregs Bank sitt rentekutt. Eit kvarter etter opning var hovudindeksen opp 5 prosent.

Frank Jullum, sjeføkonom i Danske Bank, meiner børsoppgang ikkje heng saman med rentekuttet, men heller auka i oljeprisane og delvis redningspakken frå regjeringa til flybransjen i går.

– Det har vore ei betydeleg betring i oljeprisane dei siste dagane, så eg trur nok det har mest med det å gjere, seier han.

Han trur i motsetning til Kjersti Haugland i DNB markets at Noregs Bank truleg ikkje vil senke styringsrenta til null eller negativt nivå.

– Noregs Bank har ved tidlegare anledningar sagt at dei brukar renta til å stimulere økonomien, men at det er lite aktuelt å senke renta til null eller under null. Vi trur at Noregs Bank er ferdig med å kutte renta i denne runden her, seier han og understrekar at det no er regjeringa og finanspolitikken si oppgåve å stimulere økonomien vidare.

Jullum forklarar Noregs Bank sitt andre rentekutt på kort tid slik:

– Tiltaka mot koronaviruset har ramma norsk økonomi mykje hardare enn nokon hadde forventa. Du ser og at utviklinga i dei globale finansmarknadane har vore betydeleg verre enn dei hadde forventa.

– Det kjem til å gå over

Sentralbanksjef Olsen seier han har tru på at Noreg vil komme seg gjennom krisa.

– Utgangspunktet er at norsk økonomi er robust og solid. Me har eit handlingsrom i den økonomiske politikken, gode velferdsordningar og solide bankar.

– Den nedturen me opplever og som vil bli veldig markant dei næraste kvartala, kjemt til å gå over. Eg vil leggje til at me har fått eit oljeprisfall på topp av dette. Me veit ikkje kor lenge det vil var, men det har me handtert før.

Frank Jullum, sjefsøkonom i Danske Bank.

MEINER BØRSOPPGANGEN SKULDAST OLJEPRISANE: Frank Jullum, sjeføkonom i Danske Bank.

Foto: Danske Bank

Meiner det trengst sterkare lut

Jan Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppa meiner rentekuttet kjem på riktig tidspunkt og at det vil hjelpe hushald, bedrifter og kommunar sin økonomi.

Men, det er ikkje nok, meiner han:

– Dessverre er det ikkje nok til å få i gang den økonomiske aktiviteten igjen. Det er ei god hjelp, men ikkje nok.

Andreassen peiker på at det å låne vekk pengar har blitt meir risikabelt.

– Det grunnleggjande problemet er at faren for tap på det å låne ut middel til hundretusenvis av menneske og eit tusental bedrifter har forverra seg dramatisk.

Status Norge

Sist oppdatert: 24.09.2020
778
Siste uke
24
Innlagt
270
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger