NRK Meny
Normal

Noreg spelar hovudrolle i ebola-program

Folkehelseinstituttet får ei leiande rolle i vaksinearbeidet mot ebola i Guinea. Folkehelsa skal koordinere vaksineringa, som startar 1. februar neste år, saman med Legar Utan Grenser og Verdas Helseorganisasjon.

Innslag frå Dagsrevyen

VIDEO: Noreg har leiande rolle i vaksineprogram mot ebola.

Det nye vaksineprogrammet er sett i verk på rekordtid. Tore Godal er spesialrådgjevar i Utanriksdepartementet. Han har tidlegare leidd vaksineprogrammet GAVI, som han starta saman med Bill Gates, og har lang erfaring med denne type arbeid.

– Dette har gått eksepsjonelt fort. På ein månad har vi bevega oss frå eit konsept til at studien er godkjend av eit ekspertpanel, seier Godal til NRK. Han presiserer at dei ikkje har teke snarvegar, men at alle rett og slett har jobba raskare enn normalt.

Spesialrådgjevar innan global helse, Tore Godal.

– Vi skal vise at vi er best i verda på dette arbeidet, seier spesialrådgjevar i UD, Tore Godal.

Foto: Peter von Tangen / NRK

– Vi skal vise at vi er best i verda i dette arbeidet, seier ein optimistisk Godal til NRK. 6000 menneske har mist livet som følgje av ebolaviruset i dette siste utbrotet i Vest-Afrika.

Vaksinen klar denne månaden

Han seier at til lenger denne epidemien får halde fram, til større sjanse er det for at sjukdomen kan utvikle seg og bli vanskelegare å stanse. Då kan det utvikle seg til ein ny aids-epidemi, seier han

Ei ebolavaksine er truleg klar alt i løpet av denne månaden. Så skal vaksinen delast inn i passe dosar og sendast vidare til Guinea.

Taktikken i det norske arbeidet der er klar. Når ein pasient får påvist smitte, vil helsepersonell straks reise til landsbyen pasienten kjem frå og vaksinere alle der.

Norsk rolle i program for ebola-vaksinering.

Norsk personell skal spele ei viktig rolle i programmet for ebola-vaksinasjon i Guinea.

Smitteverndirektør John Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet har koordinert det norske arbeidet. Han seier at den største utfordringa er dei urolege forholda i det ebola-ramma området, men stolar på at Legar Utan Grenser si lange erfaring i å samarbeide med lokale styresmakter.

LES OGSÅ: Test gir ebola-svar på 15 minutter

LES OGSÅ:: Nesten 16.000 bekreftet smittet av ebola

– Leiande og koordinerande rolle

John Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet.

Smitteverndirektør John Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet har leidd det norske arbeidet.

Foto: Peter von Tangen / NRK

– Legar Utan Grenser har lang erfaring frå området. Dei driv behandlingssenter som alt er etablert, og med deira kompetanse og deira samarbeid med lokalsamfunna, så bør dette gå bra, seier Røttingen.

Han fortel at Noreg har påteke seg ei koordinerande og leiande rolle i vaksinasjonsprogrammet.

Tore Godal håper at programmet kan gjere at det alt i juni 2015 vil vere ein vesentleg nedgang i talet på nye smittetilfelle. IO beste fall, seier han, kan dei vere i mål innan utgangen av 2015.

LES OGSÅ: Kappløpet for å finne ebolavaksinen

LES OGSÅ: Her er Vestafrikas egen ebolasang

LES OGSÅ: Norsk Hercules til Sierra Leone fullastet med ebola-utstyr

LES OGSÅ:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger