Hopp til innhold

Noreg slettar u-landsgjeld

Regjeringa vil slette delar av gjelda som fleire u-land har til Noreg. Det er snakk om rundt 500 millionar kroner.

Erik Solheim
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Gjelda som no blir sletta kjem frå lån som vart gitt til fleire fattige land på 1970-talet, mot at landa kjøpte skip frå Noreg.

Målet var å sikre arbeidsplassar i den norske verftsindustrien.

Landa som no får gjelda si sletta er: Jamaica, Peru, Sierra Leone, Egypt og Ecuador.

 Sudan og Burma vil først få sletta gjeld si til Noreg når landa oppfyller ein del internasjonale krav, opplyser norske styresmakter.

Den ettergjevne gjelda kjem til å bli rapportert inn til OECD som bistandsmidlar. Desse pengane kjem såleis i tillegg til det ordinære bistandsbudsjettet.

Det er dei to landa som ikkje får sletta gjelda si no som skuldar mest pengar til Noreg. Burma skuldar over 1,5 milliardar kroner, medan Sudan skuldar 772 millionar kroner.

Ecuador får ettergitt 225 millionar kroner, Egypt 168 millionar kroner, Sierra Leone 60 millionar kroner, Peru 48 millionar kroner og Jamaica 19 millionar kroner.

Det er no brei politisk semje om at skipseksportkampanjen representerte ein feilslått utviklingspolitikk, og at det derfor var viktig for Noreg å slette gjelda.

- Det var ein feilslått utviklingspolitikk, og eg er veldig glad for at regjeringa slettar denne gjelda, seier utviklingsminister Erik Solheim.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger