Hopp til innhold

Noreg og Litauen byter vaksiner – aukar vaksinetempoet

Koronavaksineringa i Noreg får ein ny, liten oppsving. Noreg byter 100.000 vaksinedosar med Litauen. Samtidig er vaksineviljen stor blant nordmenn.

0U589fnQZXE

Vaksinedosar vert klargjort i Bærum. No kan endå fleire dosar bli klargjort, fordi Noreg har fått bytta bort 100.000 Janssen-vaksiner, og fått like mange Pfizer-dosar i retur.

Foto: Heiko Junge / NTB

– For kvar nye dose me får av mRNA-vaksinar, så kjem me nærmare eit fullvaksinert Noreg, og kan ta tilbake fridomen, seier Erna Solberg.

Ho er nøgd med at Noreg sender 100.000 dosar av Janssen-vaksinen til Litauen, samtidig som me får 100.000 Pfizer-dosar i retur.

Noreg har valt å halde seg til vaksinane frå Moderna og Pfizer i sitt vaksineprogram. Dette er ein type vaksinar som bruker mRNA-teknologien.

Litauen er derimot eit av landa som har opna for å bruke Janssen-vaksine. Då trengst det berre ein dose, og difor vil vaksinebytet med Noreg vere godt nytt for vaksineringsprosessen også i Litauen.

Målet er slutten av oktober

Regjeringa ventar at alle nordmenn over 18 år har fått tilbod om vaksine innan utgangen av august. Innan 24. oktober skal alle ha fått tilbod om dose to, om alt går etter planen slik det ser ut no.

– Dose to er særleg viktig for at me ikkje får folk som blir sjuke av deltaviruset. Me har god beskyttelse av dose ein. Men jo fleire som får dose to, jo betre er det, seier Solberg.

Samtidig som Noreg nærmar seg mål, så er det stadig meir krise i andre land. Spesielt utanfor Europa er det ein del land som slit med mykje smitte og lite vaksinering.

Solberg viser til at Noreg har gitt frå seg opsjonar på vaksine i Covax-samarbeidet, delt ubrukte vaksinar med andre land, og vore med på å oppfylle dei såkalla ACT-A-måla som er eit globalt samarbeid for å sikre fleire land tilgang på vaksinar, testutstyr og medisinsk utstyr.

– Men eg trur me må vere ærlege på at me må vaksinere, også i Noreg, for at me skal ha rom og økonomi til å gje bistand til andre land, legg Solberg til.

Tomme vaksineglass - Bærum vaksinesenter

Tomme vaksineglas er teikn på at Noreg er kome langt i koronavaksineringa. I dag vart dose 5.000.000 sett her i Noreg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Solberg trur ikkje på ny nasjonal nedstenging

Ei undersøking som FHI gjorde tidlegare denne månaden viser at heile 93 prosent av dei spurte svarer at dei anten er vaksinerte, eller kjem til å vaksinere seg. Blant dei unge er 90 prosent positive til koronavaksinasjon.

– Det er veldig høg og god vilje til å ta vaksinen i Noreg. Så gjeld det å få, særleg dei unge, til å komme seg til vaksinestasjonen for å ta vaksinen. Men heldigvis ser me at me har fått overoppfylt ambisjonane blant den vaksne befolkninga, seier Solberg.

I dag blir dose nummer 5.000.000 sett i ein norsk overarm. Men om det betyr at samfunnet kan opnast endå meir opp att etter ferien er for tidleg å seie, seier statsministeren.

– Me følger nøye med på utviklinga i andre land. Me har jo ikkje opna like raskt som i andre land, og det har vore litt kritikk om at me opna for seint. Men eg trur folk likar at me tek eit skritt om gongen, så treng me ikkje ta dei same tilbakeskritta som andre land har måtte tatt.

– Trur du det kjem til å bli aktuelt med noko ny nedstenging i Noreg nokon gong?

– Eg håper at me ikkje treng å gjere det, og eg trur ikkje me treng nasjonal nedstenging, seier Solberg og viser til at norske kommunar er flinke på å slå ned lokale utbrot.

aaZSqAIFyb4

Statsminister Erna Solberg trur ikkje på ei ny nasjonal nedstenging.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

AKTUELT NÅ