Hopp til innhold

Noreg har passert 500.000 registrerte smittetilfelle

Det siste døgnet er det registrert 8477 koronasmitta her i landet. Det er 3189 fleire enn same dag førre veke.

Karl Johans gate i Oslo på kveldstid med Østbanehallen i bakgrunnen

Utestadene i Oslo har vorte opna igjen samtidig som smittetala stig. Håpet er at omikronvarianten og vaksinedekning skal gi mindre trykk på sjukehusa.

Foto: Javad Parsa / NTB

I alt har 504.789 personar no testa positivt for korona her i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det skjer knapt to år etter at det første smittetilfellet her heime vart registrert 26. februar 2020.

Den siste veka har det vorte sett tre nye smitterekordar. Den førebelse toppen kom natt til laurdag, då 12.360 nye tilfelle vart registrerte.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 9229 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 6145, så trenden er stigande.

Laurdag var 228 koronapasientar innlagde på sjukehus, 24 færre enn dagen før.

79 av pasientane ligg på intensivavdeling. Av dei får 55 respiratorbehandling. Det er éin fleire på intensiv og tre færre på respirator, enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratet si oversikt.

Til saman er 1381 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Ofte er det ikkje råd å seie sikkert om pasientar er døde av eller med viruset i kroppen.

Gjenopning vart til nye tiltak

Etter at Noreg feira gjenopninga i fjor haust, kom det nye, strenge smitteverntiltak før jul. Då skapte deltavarianten av viruset auka på sjukehusa, samtidig som den meir smittsame omikronvarianten kom.

Det er omikronvarianten som får skulda for den kraftige veksten i smittetala Noreg har hatt i januar.

Helsestyresmaktene meiner likevel at risikoen for å bli alvorleg sjuk av omikronvarianten er langt mindre enn med deltavarianten. Det er og uvisst kor stort press smittebølgja vi no er inne i, vil leggje på sjukehusa.

– Mange hundre tusen vil bli smitta

Ifølgje Folkehelseinstituttet vil vi få presset på sjukehusa nå ein topp i februar.

– Folkehelseinstituttet ventar ei betydeleg vinterbølgje av pandemien i Noreg i januar – mars. Mange hundre tusen vil bli smitta. Ei omikrondrive vinterbølgje er ikkje mogleg å stoppe, men det kan vere mogleg å dempe toppen av han, skriv FHI i si siste risikovurdering.

Der blir det samanfatta at det vil krevje svært sterke kontaktreduserande tiltak å slå ned denne vinterbølgja.

– Bølgja kan vekse igjen så snart tiltaka blir fjerna. Handteringa gjennom vinterbølgja dreier seg derfor om å bremse epidemien – med minst mogleg inngripande tiltak – sånn at den samtidige sjukdomsbyrda og belastninga på helsetenesta og samfunnet ikkje blir utoleleg, skriv FHI.

LES OG:

AKTUELT NÅ