NRK Meny
Normal

Noreg gir 100 nye millionar til Nepal

Den samla norske støtta til naudhjelpsinnsats i Nepal skal hevast frå 30 millionar til 100 millionar kroner, det opplyser statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Erna Solberg

Noreg gir totalt 130 millionar kroner i naudhjelp til Nepal.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laurdag sa utanriksminister Børge Brende at Noreg gir 30 millionar kroner til det kriseråka Nepal. I dag auka dei støtta til 130 millionar kroner.

– Det viktigaste no er at pengane går til søk og redning. Vi må også gi pengar til god helsehjelp og å få inn medisinar, det er avgjerande, seier Brende.

Utanriksministeren seier at reint drikkevatn også er avgjerande å få på plass. Dei 100 nye millionane vil fordelast når behova er betre klarlagt.

– Vi skal gjere alt vi kan for å hindre epidemiar som kolera og liknande. Så må vi tenkje ut korleis vi skal nå ut til dei områda som ligg lenger unna Katmandu. Der veit vi ikkje kva som ventar oss enno, seier Brende.

Solberg seier at tilgangen til skule er viktig. Difor vil delar av støtta gå til tiltak for å beskytte born og gi dei eit utdanningstilbod også etter at den akutte naudsituasjonen er over.

– Nepal treng hjelp i lang, lang tid framover

Kirkens Nødhjelp sin operasjon i det jordskjelvråka Nepal er den vanskelegaste på mange år, seier generalsekretær Anne-Marie Helleland i Kirkens Nødhjelp.

– Det er framleis ein akutt naudsituasjon. Folk grev med hender etter sine nære og kjære. Landet er massivt øydelagt, og infrastrukturen gjer det vanskeleg å kome til andre stadar enn Katmandu, seier Helleland.

Ho legg til at det vil vere ein langvarig og ressurskrevjande situasjon, og at 100 nye millionar er avgjerande for å hjelpe.

10 000 menneska kan ha mista livet

Eit nytt snøskred har gjort at kring 250 personar er sakna i eit populært område for fotturistar nord for Katmandu, ifølgje lokale styresmakter. Det er uvisst når snøskredet gjekk.

Ifølgje statsminister i Nepal, Sushil Koirala, kan så mange som 10 000 menneske ha mista livet i jordskjelvet i Nepal. I skrivande stund er 5 057 menneske stadfesta døde og over 8 000 skadde.

Men mange menneske ligg framleis under ruinane av dei mange samanraste bygga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger