Mandag 10. mars 2003 letta eitt av det norske forsvaret sine Hercules-fly frå den militære flyplassen på Gardermoen. Målet var den amerikanske militærbasen Camp Doha i Kuwait.
NRK veit frå truverdige kjelder at dei 25 kassene med laserbelysarar og avstandsmålarar vart mottekne av den amerikanske hæren på militærbasen. Vidare trente amerikanske soldatar med utstyret fram til ein dag før invasjonen av Irak var i gang, torsdag 20. mars.
Laserlysar. Foto: NRK
- Det er ingen tvil om at utstyret var inne i Irak, seier ei av kjeldene som NRK har hatt kontakt med.
Utstyret vart levert tilbake til det norske Forsvaret i sommar. Då hadde eitt av dei 25 lasersetta tydelege splintskader.
- Viktig utstyr
- Dette er viktig utstyr i den type operasjonar som foregår i dag, seier Erik Ellingsæter i firmaet Simrad Optronics til NRK. Oslo-firmaet produserer liknande utstyr som det materiellet det norske forsvaret lånte ut til den amerikanske hæren. Det norske forsvaret sitt utstyr er produsert av eit amerikansk firma som heitte Litton.
- Laserlysaren lager ein flekk på det målet ein siktar mot. Flekken vil bli oppdaga av ein søkar som sit i eit eller anna missil eller ei smart bombe. Bomba kan så søke seg inn på akkurat den lysande flekken. Dette blir typisk brukt av eit eller anna landbasert våpensystem eller system på fly og helikopter, forklarer Ellingsæter.
Talte mot krigen
Statsminister Kjell Magne Bondevik gjer i Stortinget 21.mars 2003 greie for regjeringa sitt standpunkt til krigen mot Irak. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix
Bondevik-regjeringa fekk kritikk frå fleire hald for å ikkje tale tydeleg mot ein krig mot Irak i fjor vinter. Men frå januar var bodskapen tydeleg: Den norske regjeringa var motstandar av krigen dersom det ikkje vart eit tydeleg vedtak i Tryggingsrådet i FN.
Då amerikanarane vende seg til Noreg og bad om hjelp til personell og materiell i Irak, svarte pressetalsmann i UD, Karsten Klepsvik, at Noreg ikkje ville gje slik støtte.
- Den norske haldninga står fast, først må dette behandlast i Tryggingsrådet, sa Klepsvik til NRK Dagsnytt 31. januar 2003. Men Tryggingsrådet i FN godkjende aldri USA sine planar om å gå til invasjon.
Forsvarsordre i februar
Trass i denne offisielle norske haldninga mot å støtte amerikanarane med materiell, iverksette det norske forsvaret innsamling av utstyret amerikanarane hadde bede om. Det viser dokument som NRK har hatt tilgang til.
Eit dokument frå Forsvarets overkommando tidleg i februar gir ordre om å frakte laserutstyret frå artilleriet på Setermoen og Kystjegerkommandoen i Stamsund til det sentrale Austlandsområdet. 25 kasser med slikt utstyr vart mellomlagra på NATO-lageret på Dal i Akershus. Derifrå var vegen kort til Gardermoen. 25. februar vart utstyret tolldeklarert. 10. mars var utstyret på veg til Kuwait.
- Uproblematisk
Karsten Klepsvik (Arkivfoto)
Pressetalsmann i Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, stadfestar i dag at laserlysingsutstyr har vore lånt ut til dei amerikanske styrkane. Klepsvik viser til den norske utanrikspolitiske tradisjonen der det har vore vanleg å låne ut utstyr til allierte.
- Det ville vere meir oppsiktsvekkande om Noreg hadde nekta å levere ut slikt utstyr til ein alliert, seier Klepsvik til NRK.
- Men i ordren frå Forsvarets overkommando til Forsvaret står det at ein ønskjer å avvente behandlinga i Tryggingsrådet i FN?
- Eg vil ikkje kommentere kva for utspel som går mellom forskjellige statlege etatar i prosessen fram til ei avgjerd, eg vil berre konstatere kva som var den endelege avgjerda, nemleg at utstyret vart utlånt, seier Klepsvik.
- Men var utlånet politisk behandla?
- Det Noreg gjer står sjølvsagt regjeringa inne for. Korleis behandlinga var konkret, vil eg ikkje gå inn på.