Hopp til innhold

Fleire tar koronaviruset på alvor: 90 prosent held seg unna familie og vener

Talet på nordmenn som unngår å fysisk møte nær familie og venner har auka kraftig sidan regjeringa sine nye tiltak mot koronaviruset.

En enslig mann ser utover Oslo fra Ekebergrestauranten.

Ein einsleg mann ser utover Oslo frå Ekebergrestauranten. Som følgje av Korona-pandemien vart det tysdag forbode vere samla meir enn fem personar offentleg.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Sakte men sikkert har det gått opp for oss alle kor alvorleg dette faktisk er, seier Justis- og beredskapsminister Monica Mæland til NRK.

Ho kommenterer spørjeundersøkingane Koronamonitor og Opinion har gjennomført om dei sosiale konsekvensane av koronaviruset i Noreg sidan 13. mars.

– Eg trur veldig mange no forstår kor viktig det er å for eksempel halde to meter avstand til andre, seier Mæland.

Måndag førre veke svarte 78 prosent at dei har unngått sosial omgang med nær familie og venner.

No har det auka til 90 prosent.

Monica Mæland, Justis- og beredskapsminister.

TRUR FLEIRE INNSER ALVORET: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vi ser ein klar nedgang frå dag til dag i talet på nordmenn som har kontakt med andre, seier Ola Gaute Askheim, seniorrådgjevar og partnar i Opinion.

Målinga Norsk koronamonitor er eit samarbeid mellom Opinion og Polling & Statistics og Encount. Dei målar kontinuerleg nordmenn sine haldningar og åtferdsendringar som følgje av koronautbrotet.

Eit teikn på stor tillit til myndigheitene

– 90 prosent er ganske massivt, seier Askheim om kor mange nordmenn som følgjer myndigheitene sine råd.

Dei som jobbar med meining- og åtferdsmålingar ser sjeldan slik oppslutning om råd og reglar frå myndigheitene, fortel Askheim.

Askheim trur oppslutninga rundt tiltaka kjem av den store tilliten vi har til myndigheitene i Noreg og ikkje minst at vårt parlamentarisk system er relativt velfungerande.

– Vi har tillit til kvarandre og dei politiske leiarane i Noreg, seier Askheim.

Han samanliknar dei raske endringane i korleis nordmenn tilpassar seg påbod og tiltak med korleis fleire folk i søreuropeiske land ignorerte myndigheitene sine påbod og no lir enorme negative konsekvensar av det.

– Vi ser kontrasten til land lenger sør i Europa, der det at folk ignorerte påboda har gjeve enorme negative konsekvensar, seier han.

Ola Gaute Aas Askheim

SER SJELDAN SLIK OPPSLUTNING: Dei som jobbar med meining- og åtferdsmålingar ser sjeldan slik oppslutning om råd og reglar frå myndigheitene, fortel Ola Gaute Askheim i Norsk koronamonitor.

Foto: Opinion Perduco as

Fleire er meir bekymra for familie enn seg sjølve

Opinion har intervjua 6500 personar sidan 13. mars. Tidlegare i undersøkingane gjennomførte dei 300 intervju per dag. No har dei auka til 6–700 intervju per dag.

Dette viser dei ferskaste utspørjingane:

  • 85 prosent nordmenn svarar at dei har unngått å reise kollektivt.
  • 74 prosent har avlyst eller utsett framtidige ferieplanar
  • 56 prosent har halde seg heime frå jobb sjølv om dei ikkje er sjuke.
  • 27 prosent handlar meir enn vanleg.
  • 68 prosent er bekymra for at nokon i eigen familie skal bli smitta.
  • 39 prosent er redde for å sjølve bli smitta.

AKTUELT NÅ