Hopp til innhold

Norge bruker 5 milliardar på julehandel på nett

Ingen andre i Norden svir av like mykje pengar på netthandel.

TAR AV: Ifølgje ei fersk undersøking hos PostNord, kjem me til å bruke nærare fem milliardar før jul. Ingen andre i Norden bruker så mykje pengar.
FOTO: ROBERT SCHLESINGER / NTB SCANPIX

TAR AV: Ifølgje ei fersk undersøking hos PostNord, kjem me til å bruke nærare fem milliardar før jul. Ingen andre i Norden bruker så mykje pengar.

Nordmenn sin julehandel tar av på nett. Ifølgje ei fersk undersøking hos PostNord, kjem me til å bruke nærare fem milliardar før jul. Ingen andre i Norden set av like mykje pengar til julehandel på nett.

– Så langt i julehandelen på nett, er det klede, sko og bøker som toppar listene. Ein ser også at leiker og andre barneartiklar gjer eit byks no før jul, seier Kristin Anfindsen, utviklingssjef e-commerce i PostNord.

Kristin Anfindsen

Kristin Anfindsen, utviklingssjef e-commerce i PostNord. Foto: NRK

I undersøkinga nemner folk fleire årsaker til kvifor dei vel nett framfor kjøpesenter. Dei fleste meiner det er enklare og at det i nokre tilfelle også er billigare. Bur ein meir aude til ute i distrikta, kan pakkelevering på døra vere meir gunstig enn timevis i bil til næraste kjøpesenter.

Men eit par ting må du passe på før du gjer julehandelen på nett.

Berre 14 dagar returrett

Er genseren for stor eller i feil farge, kan det vere greitt å kunne bytte han. I 2013 sende kvar fjerde nordmann minst ein pakke i retur til nettbutikk. Men har presangen lege litt for lenge under treet, kan dette vere vanskeleg.

– Du har berre 14 dagars angrefrist etter at du har teke imot gåva. Fekk du gåva ein månad før jul, har du i grunn ingen rettar, med mindre du kjøpte vara på ein nettbutikk som gjer deg byterett, seier Ingeborg Flønes, direktør for forbrukarservice i Forbrukarrådet.

I tillegg til kort returrett, er det ikkje heilt sikkert at julegåva kjem fram. Nokre pakkar forsvinn nemleg i posten.

– Det kan sjølvsagt skje, at ein pakke hamnar på avvegar ein augneblink, men det er veldig sjeldan, seier Anfindsen.

AKTUELT NÅ