NRK Meny
Normal

Nordmenn mot piratar i Adenbukta

Fire nordmenn jobbar for eit tryggingsfirma som kjempar mot piratar utanfor kysten av Somalia.

Pirat i speedbåt utenfor Somalia

Fire nordmenn jobbar for eit privat selskap som kjempar mot piratar utanfor Somalia.

Foto: Daniel Sanford / AFP

Magasinet Norges Forsvar skriv at selskapet Special Intervention Group, SIG, har 16 tryggingsvakter på skip utanfor Somalia. Fire av desse er nordmenn.

Dei fleste av tryggingsvaktene er tidlegare politifolk, militære eller sivile livvakter.

Torgeir Friksen er leiar for den norske filialen av SIG. Han trur det kjem til å bli fleire private tryggingsvakter, fordi piratane ikkje let seg skremme av dei militære fartya som patruljerer i Adenbukta.

- For ikkje så lenge sidan prøvde et militært helikopter å hindre ei kapring. Piratane køyrde under helikopteret og nærmast viste dei fingeren. Dei brydde seg ikkje om dei i det heile tatt, og dei tok faktisk kontroll over fartyet, seier Friksen.

100 skip kapra

30 prosent av oljetrafikken med skip passerer kysten av Somalia, og i fjor vart over 100 skip kapra. Dette er årsaka til at fleire land har slutta seg til ein militær styrke som skal sikre skipsfarta, og i august skal også den norske fregatten "Fridtjof Nansen" patruljere området.

Les meir om det norske oppdraget her:

Norsk fregatt på sjørøverjakt

Men kapringane held fram. Fleire uitanlandske reiarlag kjøper seg no ekstra tryggleik gjennom private selskap.

Dei gjennomfører tiltak om bord som bolting av dører, oppsetjing av piggtrådsperringar og liknande. Og ofte vil reiarlaga at vaktene skal vere væpna.

Torgeir Friksen vil ikkje kommentere spørsmålet om selskapet hans har vore i situasjonar der det har vore naudsynt å opne eld mot piratar.

Nei til væpning

Arild Wegener er avdelingsleiar i Norges Rederiforbund. Han frårår væpna vakter på norske skip.

- Først og fremst fordi det lettt fører til ei opptrapping av konflikten om bord, og dermed utset sjøfolka for ekstra fare, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger