Hopp til innhold

Nordmenn kjøpte hytter for 33,6 milliardar i 2020

Koronapandemien har sendt hyttesalet opp til nye rekordar. Aldri har det vore selt fleire hytter i Noreg, og aldri har prisane vore høgare.

Hytter og leilighetsbygg ved Hemsedal skisenter

HEMSEDAL: Fritidseigendomar nær skisenter er blant dei mest populære. Her frå Skarsnuten i Hemsedal.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Ferske tinglysningstal viser at det ved inngangen til romjulsveka er tinglyst i alt 14.365 fritidsbustader i 2020. Det er dermed selt 25,4 prosent fleire hytter i år, enn til same tid i fjor, skriv Finansavisen.

– Vi ventar at det blir tinglyst sal av totalt 14.600 fritidsbustader ved utgangen av desember 2020, seier sjefanalytikar Carl Christian Mathiesen i Prognosesenteret.

Kamp om strandhytter

Det har vore størst kamp om sjøhyttene. Av desse er det selt 26,2 prosent fleire hittil i år enn på same tid i fjor. Nordmenn har bladd opp 14,2 milliardar kroner for 6340 sjøhytter i 2020.

Hytte i Randesund. Flere kjøper hytter under koronakrisa.

RANDESUND: Eigesomsmeklarar på Sørlandet melder om fleire enn normalt på budlistene, og hytter som vert selde godt over takst.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Det er òg selt eit betydeleg tal innlandshytter, totalt 5280, til ein omsetningsverdi på 10,2 milliardar kroner.

På fjellet er det selt 21,3 prosent fleire hytter i år. Her er det omsett 2900 fritidsbustader, verdsett til 9 milliardar kroner.

Nedsnødd hytte i skogen

SKOGSHYTTE: Mange ønsker seg ei hytte i skogen, og dei ligg lågare i pris enn hytter ved sjøen og på høgfjellet.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Snitt på 2,3 millionar

Snittprisen for tinglyste hytter i 2020 enda på 2,3 millionar kroner – eit hopp i hytteprisane på 8,3 prosent.

– Totalt forventar vi at det er omsett fritidsbustader for 33,6 milliardar kroner ved utgangen av 2020, fastslår Mathiesen.

I 2019 var tilsvarande omsetningsverdi 24,9 milliardar.

Les og:

AKTUELT NÅ