Hopp til innhold

Nordmenn et tre tusen tonn mindre fisk enn i fjor

Trass i alle råd om kor sunt det er å ete fisk, så åt vi nordmenn fire prosent mindre fisk og skaldyr i fjor enn året før.

Henrik, Nicolai, Anna Pauline, Åsa, Leon, Anja og Fanny

Ein skal leite lenge for å finne born som ikkje likar fisk ved Geitmyra Matkultursenter i Oslo. Her lærer dei minste seg å kokkelere.

Foto: NRK

Totalt sank forbruket med fire prosent i fjor, vi åt altså dryge tre tusen tonn mindre fisk i fjor enn året før, trass i alle kosthaldsråd om å ete meir fisk, det syner ferske tal frå Noregs sjømatråd.

Marit Stagrum Ottem er marknadssjef i Noregs sjømatråd, og trur nedgangen skuldast at vi kjøper fisken i mindre porsjonar enn før.

Marit Stagrum Ottem

Marit Stagrum Ottem i Noregs sjømatråd trur tala lyg, og at me et sunnare enn før.

– Vi har grunn til å tru at forbrukaren kjøper mindre porsjonar enn det dei gjorde før. Medan folk før kjøpte ei heil side eller meir enn det dei trengte, så kjøper ein no porsjonspakkar og akkurat det dei treng til det måltidet dei skal ha sjømat, fortel ho.

Et oftare enn før

Sjømatrådet vel å gle seg over at folk seier at dei et fisk oftare enn før, trass i at mengda har gått ned.

– Dersom ein et oftare og den mengda ein treng, så er det gledeleg, fortel Ottem.

Det går betydeleg mindre av farsemat som fiskebollar, fiskepudding og fiskekaker. Medan det går mykje av reine filetar. Laks har fått ei stor auke dei siste seks åra med 37 prosent., medan reker har ein nedgang på 20,5, og forbruket av sild har gått ned 18 prosent. Sei har den kraftigaste nedgangen med heile 40 prosent på seks år.

Matkurs for born

På Geitmyra Matkultursenter i Oslo arrangerer dei kokkekurs for born. Ein av temakveldane har tittelen ”Born elskar fisk”, med fokus på at fisk er sunt, enkelt å lage og ein viktig del av det norske kosthaldet.

– Eg synest det er veldig godt, det er både sunt og smakar mykje. Eg er også veldig glad i sushi, fortel Anna (10).

Anna deler kjøkenbenk med Leon (11) under matkurset på Geitmyra Matkultursenter. Dei synest det er rart dersom ein seier at fisk ikkje er godt.

– Eg trur ikkje det er sant at barn ikkje likar fisk. Det har veldig mykje smak og det kan grillast. Og alt som kan grillast er godt, fortel Leon.

(artikkelen held fram)

Henrik, Nicolai, Anna Pauline, Åsa, Leon, Anja og Fanny

– Fisk er kult! Det meiner iallfall (f.v.) Henrik, Nicolai, Anna Pauline, Åsa, Leon, Anja og Fanny.

Foto: NRK

– Den norske matkulturen forsvinn

Andreas Viestad er fagleg leiar ved Matkultursenteret, og er uroa over utviklinga.

– Fisk har vore ein av grunnsteinane i norsk matkultur. Vi er i ferd med å sjå at den norske matkulturen glepp, særleg i samband med kvardagsmaten. Ein skal i dag gjerne skeie ut med fin mat og eit vellaga måltid, slik at tysdagsfisken er i ferd med å gleppe, fortel Viestad.

Han trur ein er inne i eit skifte i norske matvanar. Vi et meir kylling og svinekjøt no enn før, og ikkje minst meir ferdigmat. Særleg sei ligg tynt an i dei nye målingane, noko han synest er svært trist.

– Dette er ein av dei tinga som eg meiner er til å gråte av. Seien representerer den gode, norske kvardagsmaten. Men den er grå å sjå på, og den er nok ikkje festmat. Difor trur eg vi er i ferd med å miste fokus på den. Den er kjempegod og har ein rein, fin smak, og det er grunn til å seie at det er ein av dei beste norske fiskane, avsluttar han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ