Hopp til innhold

Nordmenn best på pant i Sverige

Nordmenn hamstrar billig øl i Sverige, men vi er svært flinke til å levere tilbake tomgodset.

Grensehandel
Foto: Rainer Prang / NRK

Grensekommunen Strømstad toppar pantestatistikken i Sverige suverent, skriv Gøteborgs-posten.

Det er takka vere nordmenn.

- Unionen er tilbake. I alle fall hjelper nordmannen oss i pantesystemet, seier Jan Rehnberg som har ansvar for den svenske panteordninga.

Dreg opp statistikken

Billig alkohol lokkar oss til Sverige, men når vi reiser for å hente nye forsyningar, er vi flinke til å ta med oss tomme boksar og flasker tilbake.

I 2007 vart det panta 926,8 flasker og boksar per person i Strømstad. Eda er nummer to på lista med 482,8 flasker og boksar.

Pantelista blir altså toppa av to grensekommunar som livnærer seg av grensehandel med nordmenn.

LES: 6,3 millioner harryturer i 2007

LES: "Harryhandlerne" gjør Strømstad til beste turistkommune

Ikkje berre "harry"

Nordmenn på svenskehandel har lenge blitt skulda for å vere ”harry”. No kan svenskehandlarane skryte av å vere miljøbevisste.

Rehnberg fortel at sommaren er den desidert beste pantetida.

- Det har sjølvsagt med at salet aukar og at det er ferietid, seier han.

I gjennomsnitt pantar svenskane 89 boksar og 46 flasker per person per år.

AKTUELT NÅ