Hopp til innhold

Nordmann vann nesten 200 millionar i Vikinglotto: – Feirar med ingefær-te

Ein norsk spelar stakk av med heile potten i Vikinglotto-trekninga i kveld. Premiesummen lyder på 199.962.175 kroner.

Kjempepott i Vinkonglotto.

Vikinglotto-vertinne Ingeborg Myhre presenterte vinnartala i kveld.

Foto: Norsk Tipping

Dette er den sjette største utbetalinga til ein norsk Vikinglotto-spelar nokon gong. Rekorden er frå 2017. Norsk Tipping var i kontakt med vinnaren onsdag kveld.

– Det blir ei stille og roleg feiring med ingefær-te, seier vinnaren, som ynskjer å vere anonym, til Norsk Tipping.

– Det har ikkje gått opp for meg. Eg føler meg heilt vanleg. Eg trur eg skal be om å få ut gevinsten i 100-lappar, så eg får sjå kor mykje det er, seier vinnaren til Norsk Tipping.

I 2017 stakk ei norsk kvinne av med heile potten på 341.285.000 kroner. Tidlegare i år vann ein mann vel 319 millionar kroner, medan ein andelsbank vann 305 millionar i 2016.

Ein annan andelsbank vann 275 millionar i fjor, medan ein mann frå Troms vann 216 millionar kroner i 2013.

AKTUELT NÅ