Nordmann smitta av E.coli-bakterie

Ein nordmann i 40-åra er lagd inn på sjukehus i Kristiansand etter å ha fått påvist E.coli-smitte, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

E.coli bakterieprøve (Illustrasjonsfoto)
Foto: colourbox.no

Mannen ligg på sjukehus med EHEC-infeksjon, og har blodig diaré.

Ifølgje FHI kan tilfellet ha samanheng med E.coliutbrotet i Tyskland, der 14 personar har mista livet etter å ha vorte smitta av bakterien frå agurkar.

Lokale helsestyresmakter og Mattilsynet lokalt arbeider no saman med FHI med å kartleggja smittekjelda.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger