Denne veka møter han dei nordiske kollegaene sine i Stavanger, der dei blant anna skal diskutere korleis det er mogleg å finne ut kven borna som blir misbrukte er.
Justisminister Knut Storberget (Ap) vi ha utvida nordisk samarbeid mot barneporno.
Sverige har alt eit register, noko Storberget gjerne vil trekkje nytte av og utvikle vidare.
I Rogaland skal meir enn 11 omfattande barnepornosaker opp for retten no i sommar. Dei siste åra er det teke beslag i fleire tusen bilete, og fleire av dei som står bak blir tekne.
Men kva med barna som blir misbrukte på bileta og i filmane? Dei små menneska blir sjeldan identifiserte, spesielt ikkje i Norge.
Sverige er det landet i Norden som har har kome lengst i kampen mot barneporno, der dei alt har oppretta eit register over offera. Justisminister Thomas Bodström kan ikkje love eit nordisk register ennå, men støttar utan tvil eit utvida samarbeid.
Til no har 11 norske barnapornooffer blitt identifiserte og fått hjelp, alle gjennom Interpol sitt internasjonale register. Men Storberget er klar over at mange fleire treng hjelp.