NRK Meny
Normal

Nokas-dømde Metkel Betew får ikkje utsette ankesaka

Metkel Betew er for sjuk til å møte i ankesaka om forvaringsdommen. – Hans nærvær er overflødig, seier dommaren i lagmannsretten.

Metkel Betew

NOKAS: Metkel Betew blei dømd til 16 år fengsel med forvaring i 2004. Her er Betew saman med forsvarar Marius O. Dietrichson under rettssaka etter Nokas-ranet.

Foto: Scanpix, Hansen, Alf Ove

Metkel Betew sin stol stod tom då ankesaka om forvaringsdommen hans starta onsdag morgon. Han er på fengselscella si, og får behandling frå UIlevål sykehus.

Marius Dietrichson

FORSVARAR: - Det er heilt avgjerande at han får møte den dømmande rett, seier Betews forsvarar, Marius O. Dietrichson.

Foto: NRK

– Sjukdomen hans går litt i rykk og napp. Helsesituasjonen hans er forverra, seier hans forsvarar, Marius O. Dietrichson.

Forsvararen ba om utsetting dagen før rettssaka. Han har fått ei erklæring frå fengselslegen som seier at Betew har blitt dårlegare.

– Det er heilt sentralt at han får møte den dømmande rett, seier Dietrichson i retten.

Lagmannsretten har derimot kome til at det ikkje er naudsynt at Betew stiller i retten.

– Etter ei samla vurdering har lagmannsrettens kome til at hans nærvær er overflødig, sier dommer Carl August Heilmann.

Rettssaka skal difor fortsette som planlagt.

Ankesaka

Metkel Betew sona ti år av Nokas-dommen på 16 år med forvaring. I 2014 blei han satt fri på prøve med flere vilkår, blant anna at han ikkje skulle møte andre Nokas-dømde eller kriminelle.

Etter ti månader blei han arrestert, mistenkt for å planlegge eit ran, og planlegge eit drap saman med Bandidos-profil Lars Harnes. Betew er no tiltalt for dette, men det skal ikkje lagmannsretten ta stilling.

Under desse ti månadane skal Betew ha møtt nærare 40 kriminelle personar, fleire av dei er medlem i ransgruppa bak Nokas-ranet.

Betew har erkjent at han møtte kriminelle og blei dømd i Oslo tingrett til å gå tilbake til soning i fengsel.

– Han er ueinig i reaksjonen, at han skal bli satt i forvaring for dette. Han må kunne forklare seg om forholda rundt at han traff desse gamle kjente, seier forsvarer Dietrichson i retten.

Det er ikkje nok å bevise brot på vilkåra, sier forsvararen. Retten må og kome til at det er fare for gjentaking og at gjeninsetting ikkje er eit uforholdsmessig grep.

Forsvarer Marius Dietrichson og statsadvokat Tormod Haugnes

RETTSRUNDE: Statsadvokat i Rogaland, Tormod Haugnes, meiner saka kan gå utan at Betew er fysisk til stades i retten. Bilete frå ein tidlegare rettsrunde.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Saken kan gå uten han

Rettssaka skal ta to dagar utan bevisføring og vitne. Statsadvokat Tormod Haugnes seier retten kan la Betew følge saka frå fengsel, med videooverføring.

Det er tredje gong det blir bedt om en utsetting. Samfunnet har og interesse av at denne saka blir ferdig og avslutta, seier Haugnes.

– Vi har ikkje opplysningar som tilseier at ikkje Betew kan delta under desse forholdal.

Det blei og konklusjonen frå retten.

– Det skal ikkje førast nye vitne frå aktoratet si side, seier dommar Carl August Heilmann.

Alle vitne og bevis er ført i tingretten, og er derfor kjent for Betew.

– Han kan når som helst følge med saka over videolink. Etter ei samla vurdering kjem lagmannsretten til at hans nærvær er overflødig, seier Heilmann.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger