NRK Meny
Normal

Nokas-Betew vurderer å gå til høgsterett

Nokas-dømte Metkel Betew må tilbake til fengsel, etter at han tapte ankesaka i lagmannsretten. – Vi vurderer å anke til høgsterett, seier Betew sin forsvarar, Marius Dietrichson.

NOKAS

NOKAS: Metkel Betew blei dømd som ein av dei sentrale personane i ransgruppa bak Nokas-ranet i Stavanger, 2004.

Foto: Alf Ove Hansen, Alf Ove Hansen / SCANPIX

I 2014 hadde Metkel Betew sona ti år av dommen sin, på 16 år med forvaring, etter Nokas-ranet. Han kom ut på prøve, men under ei rekke vilkår.

Eitt av vilkåra var at han ikkje skulle møte andre kriminelle. Særskilt ikkje andre kjente deltakarar i Nokas-ranet. Politiet har spana på Betew, som no er tiltalt i ei anna straffesak for ransforbund og drapsforbund.

I løpet av 10 månader utanfor fengsel, skal Betew ha møtt med rundt 40 andre kriminelle. Inkludert fleire medlem av ransgruppa, som David Toska.

Tapte ankesaka

Han blei difor dømt til å gjeninnsettast i fengsel av Oslo tingrett, men anka saka til Borgarting lagmannsrett.

Betew har erkjent at han møtte fleire av desse etter at han kom ut av fengsel. Hans forsvarar, Marius Dietrichson, har sagt i retten at brotet ikkje er av ein slik karakter at Betew bør gå tilbake til soning i fengsel.

Marius Dietrichson og Tormod Haugnes

- FEIL REAKSJON: Betew sin forsvarar, Marius Dietrichson (til høgre), har sagt i retten at Betew sine handlingar ikkje er av ein slik karakter at det er rett å gjeninnsette han i fengsel.

Foto: NRK

Det er dommarane i Borgarting lagmannsrett ueinig i. I dommen, som kom i dag, står det:

«Lagmannsretten finner at bruddene på vilkårene er av en slik karakter at konsekvensen er at Betew etter en samlet vurdering skal gjeninnsettes til forvaring.»

Dermed har Betew blitt dømt til å gjeninnsettast i fengsel, av både tingretten og lagmannsretten.

Forsvarar: – Vurderer høgsterett

– Eg må få drøfta dommen med min klient ordentlig før eg kan seie korleis han mottar denne dommen. Tidlegare har han reagert på at staten vil sette han i fengsel i mange år, når det ikkje blir hevda at han har gjort noko straffbart. Han har kun møtt venner, seier forsvarar Marius Dietrichson.

– Og desse venene er tidlegare dømde kriminelle?

– Ja, det er korrekt. Det er brudd på vilkåra, men ikkje av ein slik karakter det kan grunngi fengsel i mange år. Vi er ueinig i den vurderinga, og vi vil vurdere å anke saka til høgsterett, seier Dietrichson.

Betew har fått ankesaka utsatt to gonger, på grunn av helseproblem. No meinte lagmannsretten at saka kunne gå utan Betew i rettssalen.

Borgarting lagmannsrett har kome fram til at brudd på vilkåra for Metkel Betew braut vilkåra for å kome ut på prøve.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger