Hopp til innhold

Nobel-krangel før Hagens skjebnedag på måndag

Måndag blir det avgjort om Frp-veteranen Carl I. Hagen kan veljast til den etterlengta plassen i Nobelkomiteen.

CARL I. HAGEN

SKJEBNEDAG: Måndag blir det avgjort om Frp-veteranen Carl I. Hagen veljast til den etterlengta plassen i Nobelkomiteen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Det var Frp si stortingsgruppe som onsdag foreslo at Hagen skal erstatte Inger-Marie Ytterhorn i Nobelkomiteen, etter at Hagen tidlegare i haust melde si interesse for eit slikt verv på Framstegspartiet si «kvote».

Stortingspresident, og leiar i valkomiteen, Olemic Thommessen (H) har meldt at han vil kalle inn valkomiteen for å diskutere om Hagen er valbar.

Abid Raja (V), som er ein av visepresidentane, fortel at møtet vil skje på måndag.

– Hagen vil skilje rollene

Hans Andreas Limi

SKIL ROLLER: – Hagen vil ikkje møte i Nobelkomitéen dersom han er møtande stortingsrepresentant, seier parlamentarisk leder i Framstegspartiet, Hans Andreas Limi.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Hagen er vararepresentant til Stortinget, og vi føreset at han ikkje vil møte i Nobelkomitéen dersom han er møtande stortingsrepresentant, seier parlamentarisk leiar i Frp, Hans Andreas Limi.

Han peikar på at ei rekke, tidlegare toppolitikarar frå eit fleirtal parti har hatt verv i Nobelkomiteen, blant anna Thorbjørn Jagland.

– Thorbjørn Jagland er likevel i ei særstilling sidan han enno er aktiv på internasjonalt toppnivå som generalsekretær i Europarådet, seier Limi.

I 2008 vart tidlegare statsminister og Ap-leiar Thorbjørn Jagland valt av Stortinget til å sitje i Nobelkomiteen, sjølv om han enda sat som stortingsrepresentant.

Dette reagerte Frp og Siv Jensen på under behandlinga i Stortinget og kom med merknader som at «det er behov for å sikre Nobelkomiteens sjølvstende av Stortinget, slik at komiteen står fritt frå den utanriks-, sikkerheitspolitikk eller handelspolitikk norske styresmakter står for».

– Ikkje samanliknbart

Likevel foreslår partiet tidlegare Frp-formann Carl I. Hagen som kandidat til Nobelkomiteen. Sjølv om Hagen er valt som vara i Stortinget for Christian Tybring-Gjedde i utanriks- og forsvarskomiteen og Mazyar Keshvari i kontroll- og konstitusjonskomiteen fram til 2021.

Arbeidarpartiets Dag Terje Andersen meiner at val av Hagen vil skade norske interesser om ein møtande til Stortinget blir plassert i Nobelkomiteen. Andersen kommenterer 2008-merknadane frå Frp slik:

Dag Terje Andersen (Ap)

DOBBELTROLLE: – Frps merknader om sjølvstende for Nobelkomiteen er endå meir aktuelle i dag enn dei var i 2008, sier Dag Terje Andersen (Ap).

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Med den debatten det har vore sidan 2008 om Nobelkomiteens sjølvstende – og kor vanskeleg det har vore sett frå utlandet å akseptere at Nobelkomiteen er uavhengig, så er Frps merknader endå meir aktuelle i dag enn dei var i 2008. Det har vi blant anna merka med reaksjonane frå Kina etter fredsprisen til Liu Xiaobo.

Men er det rimeleg av Arbeidarpartiet å argumentere med at Hagen ikkje kan bli Nobelmedlem, når Jagland vart nominert i 2008? Han var stortingsrepresentant og hadde vore både utanriksminister og statsminister.

– Han var på veg ut av Stortinget. Stortingsperioden til Jagland var jo over før mesteparten av arbeidet med å plukke ut kandidatar til Fredsprisen gjekk føre seg i Nobelkomiteen.

Det var ein heilt annan situasjon og ikkje samanliknbar med situasjonen for Hagen no.

Olav Njølstad sitter inne på kontoret sitt på Nobelinstituttet

KRITISK: Direktør ved Nobelinstituttet og sekretær for Nobelkomiteen, Olav Njølstad, er kritisk til Hagen si dobbeltrolle.

– Ei klar dobbeltrolle

Arbeidarpartiets Dag Terje Andersen meiner også at det vil skade norske interesser om ein møtande til Stortinget, som Carl I. Hagen er, blir plassert i Nobelkomiteen.

– I førre periode møtte første vararepresentant frå Frp relativt mange gonger i Stortinget og er då ein stortingsrepresentant med fullt ansvar og full myndigheit. Det vil vere ei klar dobbeltrolle som utydeliggjer at Nobelkomiteen skal vere uavhengig.

Men lat meg understreke det; vi er veldig for den praksisen det er at partia vel sine eigne representantar.

Dersom Frp vel ein representant som ikkje gir dette dilemmaet, så er det opp til Frp, og vi kjem ikkje til å gå imot det.

Må ta stilling til om Hagen er valbar

Sidan Frp offentleggjorde si innstilling har fleire stilt spørsmål ved om Hagen i det heile tatt er mogleg å velje, då det har vore ein lang tradisjon at sitjande stortingspolitikarar ikkje trer inn i Nobelkomiteen.

Også direktør ved Nobelinstituttet og sekretær for Nobelkomiteen, Olav Njølstad, er kritisk til Hagen si dobbeltrolle.

Nobel-arbeidet spesielt vanskeleg

Abid Raja

BLANDA SIGNAL TIL VERDA: – Hagen blir sitjande i komitear på Stortinget som gjer Nobel-arbeidet spesielt vanskeleg.

Foto: NRK

Venstre-nestleiar Abid Raja peikar på at det er svært sannsynleg at Hagen blir sitjande i komitear på Stortinget som gjer Nobel-arbeidet spesielt vanskeleg.

– Ein risikerer altså at Hagen deler ut fredsprisar, samtidig som han er med på å styre norsk forsvar, sikkerheits- og utanrikspolitikk. Snakk om å sende blanda signal ut i verda, seier Raja.

Han brukar fredsprisen til Liu Xiaobo etterfølgt av ei langvarig konflikt med Kina som eit eksempel på at Noreg tidlegare har hatt utfordringar med å forklare at Nobelkomiteen er uavhengig.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger