Han slektar til Alfred Nobel, mannen bak dei fem anerkjente Nobelprisane, og har i fleire år vore familien sin øvste representant. No åtvarar han mot ytterlegare politisk innblanding i det som skal vere ein uavhengig norsk nobelkomite.
– Det må vere upolitisk, oppnemningane til nobelkomiteen i Norge, så vel som i Sverige. Dette er viktig, seier Michael Nobel og stiller spørsmål ved om tidlegare toppolitikarar som Carl I. Hagen er dei beste til å arbeide etter arva til Alfred Nobel.
Frp har gått inn for å erstatte Inger-Marie Ytterhorn som sin representant, med tidlegare Frp-formann Carl I. Hagen. Det har derimot skapt debatt at partiet har gått inn for ein kandidat som er varamedlem til Stortinget. Men Frp står fast på å ikkje endre dette.
Det er fleirtalet på Stortinget som vedtek kven som skal sitte i Den norske nobelkomiteen, som kvart år delar ut Nobels fredspris. Det har vore ein tradisjon at dei største partia får gjennom sine kandidatar.
– Bør vere ekspertar, ikkje politikarar
Det er ikkje første gang Michael Nobel kritiserer Nobelkomiteen for politisk innblanding. Gjennom ein kronikk i Aftenposten i 2011 reagerte han på dei siste fredsprisvinnarane, som han hevda Nobelkomiteen valte ut ifrå eigne preferansar, og ikkje i tråd med Nobel sitt testament.
– Valet av prisvinnarar og samansetjing av komiteen må skje basert på kompetanse og ikkje politisk ståstad. Derfor burde Stortinget velje ekspertar på fredsområdet, ikkje sine eigne, seier han.
Fleire har også peika på at komitemedlem og tidlegare komiteleiar Thorbjørn Jagland frå Arbeiderpartiet har for tette band til politikken, etter å ha vore stortingsrepresentant, utanriksminister og statsminister.
- Les meir.
Dag Terje Andersen i Ap meiner derimot det blir feil å samanlikne Jagland med Hagen, då Jagland var på veg ut av politikken, medan Hagen er valt som vararepresentant fram til 2021.
Nobel fryktar interessekonfliktar kan oppstå og skade truverda til fredsprisen.
– Medlemmane i komiteen bør ikkje kunne kome i ei konflikt, der ein i Stortinget stemmer for til dømes Nato-medlemskap, militære øvingar eller opprusting, samtidig som ein må velje fredsprisvinnarar. Om prisvinnarane vekkjer oppsikt internasjonalt kan dette verte ein vanskeleg balanse, seier han.
Frp vil ikkje kommentere
Carl I. Hagen ynskjer ikkje sjølv å ta del i debatten om hans kandidatur til Nobelkomiteen, og vil derfor ikkje kommentere utsegna til Nobel.
Men parlamentarisk leiar i Frp, Hans Andreas Limi, seier Frp ikkje er villige til å finne ein annan kandidat, men at dei likevel vil diskutere tilbakemeldingane internt i partiet. Anten denne veka eller neste.
- Les meir:
– Vi må diskutere situasjonen som kan oppstå i Stortinget dersom vår plass i Nobelkomiteen vert utfordra i Stortinget, om eit fleirtal ynskjer å meine noko om kven vi nominerer inn i komiteen.
Han vil ikkje kommentere utspela frå Nobel.