No opnar dei store ferielanda for nordmenn

Nordmenn kan frå 15. juli reise karantenefritt til mellom anna Frankrike, Spania og Hellas, Italia og Tyskland.

Desse landa vert opna for nordmenn.

Nordmenn kan no reise til alle EØS og Schengen-land utanom Portugal, Ungarn, Kroatia, Romania, Bulgaria, Luxembourg og mesteparten av Sverige.

Foto: NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Om litt kan du feriere i fleire europeiske land med gyldig reiseforsikring, og utan å hamne i karantene når du kjem heim.

Nordmenn kan frå 15. juli reise karantenefritt til mellom anna Frankrike, Spania og Hellas, Italia og Tyskland.

Bulgaria, Romania, Kroatia, Ungarn, Luxemburg, Portugal og Sverige minus tre regionar vert framleis rekna som for farlege med tanke på smitterisiko.

Det opplyser justisminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse fredag. Med ho på pressekonferansen var også næringsminister Iselin Nybø (V).

gvc27jMEwwM

Justisminister Monica Mæland (H).

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Fagdirektør Frode Forland representerte Folkehelseinstituttet. Assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad var der og.

Eit av spørsmåla det var knytt stor spenning til i dag var om regjeringa ville opne for reiser til land der smitten er lav på landsbasis, men der det har kome nye smitteutbrot i enkelte regionar.

Y3rNw77q4_A

Frode Forland, fagdirektør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Vurderinga vi har gjort er på landsnivå, men det vil og vere mogleg å vurdere på regionnivå, seier Frode Forland.

– Vi kan gjere unntak for regionale vurderingar, men berre i Norden, sidan det berre er her vi har nok informasjon, presiserer Monica Mæland.

Det vert no mellom anna mogleg å reise til regionane Kronoberg, Skåne og Blekinge sør i Sverige utan at du hamnar i karantene når du kjem heim.

Desse landa vert opna for nordmenn 15. juli. (Ver obs på at dette raskt kan endre seg.)

Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Færøyene, Grønland, Hellas, Irland, Island, Italia, Kypros, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Malta, Nederland, Polen, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia, Tyskland og Austerrike samt regionane Blekinge, Kronoberg og Skåne i Sverige.

Desse landa vert opna for nordmenn.

Nordmenn kan no reise til alle EØS og Schengen-land utanom Portugal, Ungarn, Kroatia, Romania, Bulgaria, Luxembourg og mesteparten av Sverige.

Foto: NRK

Legg fram kart med land som får «grønt lys»

Reiseråda vert lagt ut på Utanriksdepartementet sine nettsider. Kva land som vert halde ope avheng av om smitta i området er så låg at FHI reknar det som trygt.

Personar frå desse landa eller områda vil også kunne reise til Noreg utan å hamne i karantene.

Lista over land og område som FHI reknar som trygge vert oppdatert kvar fjortande dag.

Frode Forland understrekar at dette er eit minstekrav. Og at dei og kan endre på reisereglane på mykje kortare varsel.

Han trur smittetalet i Noreg vil stige som følgje av dei nye reisereglane:

– Vi må vere førebudd på ei auke i smittetala gjennom sommaren, seier han.

Mæland understrekar og at smittetala raskt kan stige der du reiser. Ho åtvarar om at du derfor raskt kan hamne i karantene når du kjem heim att om du vel å reise ut.

– Ver førebudd på at endringar i reisereglane kan skje på kort varsel, seier ho.

– Om du reiser og er avhengig av visse type medisinar, er det lurt å ta med seg meir enn du treng. Du kan plutseleg hamne i karantene, skyt Espen Nakstad inn.

Flere vil bli gamle i syden

KRETA: Strandliv på øya Gramvousa like utanfor Kreta. Hellas er eit av landa mange nordmenn håpar får «grønt lys» i dag.

Foto: Gunnar Lier / SCANPIX

– Ikkje ei oppfordring til å reise

Både Iselin Nybø og Monica Mæland åtvara nordmenn som no legg ut på reise.

– Med alle opningar og oppmjukingar på reiserestriksjonar aukar risikoen for smittespreiing, seier justisminister Monica Mæland (H).

– Dei nye råda er ikkje ei oppfordring til å reise. Kvar enkelt må tenke nøye gjennom om det er nødvendig å reise. Smittesituasjonen i Europa kan endre seg raskt, seier Iselin Nybø (V).

Mg9LgrM4MLw

Næringsminister Iselin Nybø (V) og assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Nakstad meiner ting kan endre seg raskt

– Situasjonen i dei «grøne» landa er framleis prega av korona, og mange land har aukande smitte. Derfor kan land bli raude ved den neste vurderinga, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

FHI oppdaterer kva land som er grøne og raude på kartet kvar 14. dag.

Når NRK utfordrar helsestyresmaktene på kvifor dei no opnar opp for karantenefrie reiser til Sør-Sverige svarar dei at dette baserer seg på tillit. Dei forventar at nordmenn som reiser tar smittevernomsyn og testar seg om dei får symptom.

– Vi skal sørge for at ingen kjem til Noreg med smitte som går under radaren, seier Espen Nakstad, som understrekar at reiseråda ikkje er noko oppmoding om å reise.

– Jobbar de med å lage teststasjonar på flyplassane?

– Vi jobbar med det, eit drop-in-tilbod som gjer at folk i størst mogleg grad kan teste seg. Ulike måtar å teste seg rundt om i kommunane, svarar Nakstad.

Monica Mæland legg til at folk som reiser ut av landet kan måtte gjennomføre stikkprøver ved heimkomst. Ho seier det framleis vil vere grensekontrollar der folk blir spurte om kor dei har vore.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 03.08.2020
9312
Smittet
14
Innlagt
256
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger