Hopp til innhold

No kan du jobbe til du er 72 år

Hyppigare søndagsjobbing, opning for å jobbe til du er 72 år og aktivisering av sosialhjelpsmottakarar er nokre av punkta i ny arbeidsmiljølov.

Regjeringen og støttepartiene

Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Arve Kambe (Høgre), Erlend Wiborg (Frp) og Sveinung Rotevatn (Venstre) la i dag fram arbeidsmiljølova som dei fire partia er einige om.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Etter det NRK kjenner til skal temperaturen ha vore høg dei siste dagane, medan forhandlingane om ein ny arbeidsmiljølov har gått føre seg. Det er forslaga som arbeidsminister Robert Eriksson la fram før jul, som har blitt diskuterte.

Men i dag vart dei fire partia einige, og i faktaboksen til høgre kan du sjå hovudpunkta i avtalen mellom dei fire partia.

Lederne for regjeringspartiene og de to støttepartiene

Regjeringspartia Høgre og Frp har blitt einige med Venstre og KrF om ein ny arbeidsmiljølov. Her er dei fire partia representerte med sine partileiarar, frå eit tidlegare høve.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kan reversere lov om den slår feil ut

Ein del av debatten rundt den nye arbeidsmiljølova har handla om at regjeringa ønskjer å gjere det enklare å tilsette folk i mellombelse stillingar. KrF har vore kritiske til dette, og har lukkast med å få gjennom eit krav som gjer det mogleg å reversere denne ordninga om det viser seg at den får eit anna utslag enn det regjeringa håper på.

Då Robert Eriksson la fram forslaga i desember sa arbeidsministeren at målet var å få fleire ut i arbeid, ved å opne for fleire mellombelse stillingar. Målet er å gjere det enklare å tilsette folk, utan at det må vere eit velgrunna behov ved arbeidsplassen.

Under dagens pressekonferanse i Stortinget sa Høgres Arve Kambe at det skal takast ei vurdering av ordninga når den har vart ei stund, og det er vitskapleg grunnlag for ei evaluering. KrF trur det vil ta rundt tre år før ein har nok grunnlag til å fatte ein konklusjon.

Høgre var godt nøgde med punkta som var lagt fram, og hevdar det er det norske næringslivet som har kome sigrande ut av dragkampen mellom dei fire partia.

– Me har blitt einige om ein ny arbeidsmiljølov som vil ruste norsk næringsliv for framtida. Me har også senka terskelen for å kunne ta del i næringslivet, seier Kambe.

Færre år før fast jobb

Dei to støttepartia har også fått gjennomslag for at mellombelse tilsette skal ha krav på fast jobb tidlegare enn i dag. Dagens ordning opnar for at mellombelse tilsette kan krevje fast jobb etter fire år i vikarstillingar, men no vert dette taket senka til tre år.

Målet med å senke taket er å gjere vegen til fast jobb kortare for dei som i dag går i lange vikariat.

Frp har også fått gjennom eit av sine krav, om at det skal bli innført aktivitetsplikt for mottakarar av sosialhjelp.

Jobbing på søndagar og auka aldersgrense

Det har også vore diskusjon rundt regjeringa sitt forslag om meir søndagsjobbing. Dei fire partia har landa på ein avtale som gjer det ulovleg å jobbe meir enn tre søndagar på rad.

Det er også einigheit om at det i framtida skal vere mogleg å jobbe til 72 år, om ein vil, og ikkje til 70 år, slik som i dag. Med andre ord er oppseiingsvernet heva frå 70 til 72 år. Ein dårleg idé meiner LO og NHO.

Ordninga med kollektiv søksmålsrett kjem også til å bli fjerna, nett slik regjeringa sjølv føreslo.

AKTUELT NÅ